Hopp til innhold

The Guardian: Fleire enn 1000 umerka graver oppdaga ved grensene til EU-land

Aldri før har så mange flyktningar og migrantar blitt gravlagde i EU utanfor krigstid, skriv den britiske avisa.

-

DØYDDE TIL SJØS: Desse umerkte gravene på Gran Canaria tilhøyrer flyktningar som drukna på veg inn til Europa.

Foto: DESIREE MARTIN / AFP

I Hellas ligg dei under kvite gravsteinar, i Italia enkle trekrossar, og i Frankrike små skiferheller.

Nokre graver er merkte med lokale versjonar av Ola og Kari Nordmann, «NN» (for «namnlaus») eller berre «migrantbåt nummer 4».

Alle blir dei brukte som bevis på menneskerettsbrot, av land i EU i møte med flyktningar frå andre kontinent.

Det er ifølge EU sin menneskerettskommissær, Dunja Mijatović.

Migrantbåt nummer fire

På det vesle skiltet står det «migrantbåt nummer 4, 25.09.2022».

Foto: DESIREE MARTIN / AFP

Britiske The Guardian melder fredag om så mange som 1015 umerkte graver ved grensene til EU-landa.

Dei har kome fram til talet etter eit omfattande samarbeid med forskarar, rettsmedisinar og fleire velgjerdsorganisasjonar, blant dei Den internasjonale Raude Kors-komiteen (ICRC).

Store mørketal

Dei mange forskarane som har delteke i prosjektet meiner dei berre har funne toppen av isberget.

Middelhavet og kystane til Italia, Malta, Kypros og Hellas har blitt til «ein stor kyrkjegard», skreiv The New Yorker tidlegare i år.

Fleire enn 2 millionar menneske skal ha prøvd å krysse Middelhavet til Europa sidan 2014, i stor grad frå Afrika sør for Sahara og Midtausten.

Migration Poland Belarus

I 2021 blei fleire enn 2100 menneske meldt sakna etter å ha flykta til utlandet. Her heng det babyklede på eit gjerde på grensa til Belarus.

Foto: Oksana Manchuk / AP

Ifølge organisasjonen Missing migrants project har fleire enn 29.000 menneske forsvunne i same tidsrom.

Dei som dør på fluktrutene til Europa er sjeldan funne og identifiserte, skriv The New Yorker vidare.

Har rett på etterforsking

Det europeiske parlamentet vedtok i 2021 at folk som døyr på kjende fluktruter skal bli identifiserte.

Vedtaket anerkjente også at ein trengde ein database for å få oversikt over menneska det gjeld, men det finst ikkje nokre nasjonale lovverk enno som kan møte dette kravet.

– Det er tydeleg at det forskjellsbehandling, seier Kathryne Bomberger, leiar for Den internasjonale kommisjonen for sakna personar, til The New Yorker.

-

Hundrevis av redningsvestar blei lagt ned i protest i Vauxhall, London i 2016 for å illustrere dei mange flyktningane som måtte ut på den farlege ferda over Middelhavet.

Foto: Tim Ireland / AP

– Det å finne sakna personar og etterforske forsvinningane er kvar enkelt stat sitt ansvar, uansett om vedkomande er ein borgar eller ikkje. Uansett kva nasjonalitet dei har, etnisk bakgrunn eller rase.

ICRC fortel at dei har teke imot 16.500 førespurnader sidan 2013, frå personar som har mista slektningane etter at dei la ut på ein migrasjonsveg mot Europa.

Desse gjaldt statsborgarar frå Afghanistan, Irak, Somalia, Guinea, DR Kongo, Eritrea, og Syria.

Berre 285 av desse har klart å finne att sine sakna.

– Første året der alle fluktrutene er aktive

Forleggar og aktivist Kristina Quintano har dokumentert historiene til båtflyktningar ved Middelhavet i over 20 år.

– Eg tenker at dersom dette hadde vore kvite europeiske menneske, så ville vi gjort alt vi kunne for å finne ut kven dei er, seier ho til NRK.

– Men eg er også einig i at det er eit veldig vanskeleg arbeid. Veldig mange har ikkje på seg papir og har ikkje sagt til nokon at dei er i den båten.

Quintano meiner at dei store mørketala vi har i dag, i stor grad handlar om at EU ikkje brukar nok pengar på å identifisere dei sakna.

Quintano møter båtflyktninger

Quintano, som lenge har dokumentert historiene til flyktningar på veg inn i Europa, seier ho ser mykje meir desperasjon i dag enn ho har gjort tidlegare.

Foto: Kenneth Sporsheim www.kenspo.net

– Vi brukar langt meir pengar på å prøve å hindre dei i å setje ut i båtane, enn vi gjer på å finne ut kven dei drukna er. Og så er det også i stor grad underrapportert kor mange det gjeld.

– Det aller første ein må gjere, er å gi desse menneska nok verdi i døden til at EU set av nok pengar til at patologane som allereie jobbar med dette, får gjort jobbane sine.

Quintano seier at 2023 er det første året sidan ho starta med arbeidet at «alle fluktrutene til Europa er aktive».

– Dette handlar om innstrammingar overalt, og sjølvsagt klima og auka fattigdom.

– Det er rett og slett berre ein generelt mykje større desperasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt