Hopp til innhold

Blir avretta med dansk legemiddel

Når amerikanske myndigheiter tek livet av dødsdømde fangar med eit dansk legemiddel, gjer dei det mot dei danske produsentane si vilje.

Video Dansk medisin brukes til henrettelse

Cleve Foster blir avretta med eit dansk legemiddel produsert til bruk for epileptikarar.

Nembutal

Preparatet pentobarbital blir selt under namnet Nembutal i USA.

Foto: DR

5. april blir Cleve Foster avretta i den amerikanske delstaten Texas, der han er dømd til døden for drap.

Men USA har gått tomt for det preparatet som normalt blir brukt ved avrettingar. Foster får difor ei sprøyte med preparatet Nebutal.

Det skjer mot viljen til den danske produsenten Lundbeck.

– Eg meiner det er djupt urettferdig, seier aksjonæren Tom Jakobsen til Danmarks Radio.

Epileptikarmedisin

Både aksjonærane og leiinga i selskapet mislikar bruken.

– Nei, dette har vi det ikkje bra med i det heile teke. Dette er ein situasjon som vi ikkje har ønskt å hamne i, seier administrerande direktør Ulf Wiinberg.

Han seier selskapet har gjort alt som står i deira makt for å unngå at Nebutal blir brukt i amerikanske dødssprøyter.

– Vi har snudd på alle steinar, og vår konklusjon er at det ikkje går, seier Wiinberg.

Fleire tusen epileptikarar i USA brukar Numbitol, og Lundbeck ønskjer difor ikkje å ta preparatet av den amerikanske marknaden. Lundbeck opplyser til danske Politiken at dei kvart år sel 50 millionar dosar av preparatet i USA.

– Burde gjort meir

Selskapet har protestert på måten myndigheitene brukar preparatet, men menneskerettsorganisasjonen Reprieve meiner Lundbeck ikkje går langt nok.

– Dei gjer ikkje alt dei kan. Det er rett og slett mange ting dei kan gjere framleis, seier talsperson Maya Foa i Reprieve.

Organisasjonen ønskjer at Lunbeck skal få deira distributørar i USA til å garantere at preparatet ikkje blir brukt til avretting. Men sidan preparatet kan bli selt vidare gjennom fleire ledd, meiner Lundbeck at det ikkje går an å krevje ein slik garanti.

– Eg meiner vi har gjort alt vi kan gjere, og dette er ikkje ein situasjon vi ønskjer å vere i. Vi tar dette veldig alvorleg, seier Wiinberg.

Administrerende direktør i Lundbeck, Ulf Wiinberg

Administrerande direktør i Lundbeck, Ulf Wiinberg, meiner selskapet har gjort det dei kan for å stoppe bruken.

Foto: DR

Tillit frå aksjonærane

Når Cleve Foster blir avretta i Texas om fem dagar, blir han den femte fangen i USA som blir avretta med bruk av det danske preparatet.

Det danske pensjonsselskapet Unipensjon, som har aksjar i Lundbeck, har bede om ei utgreiing om saka. Men på generalforsamling fekk selskapet støtte både frå små og store aksjonærar.

– Det er tusenvis av menneske som blir drepne i trafikken kvar dag. Bilen blir ikkje forboden på grunn av det, seier aksjonæren Tom Jacobsen.

Også hovudaksjonæren i Lundbeck støttar selskapet.

– Er du trygg på at selskapet har gjort det dei kan for å stanse dette?

– Ja, det er eg. Det er mellom anna fordi eg har vore i dialog med selskapet om dette, seier direktør i Lundbeckfonden, Steen Hemmingsen.

SISTE NYTT

Siste nytt