Hopp til innhold

Bin Laden-arvtakar ny «Most Wanted»

Den som tek over som ny leiar for Al Qaida etter drapet på Osama bin Laden, vil automatisk arva plassen som USAs mest ettersøkte terrorist.

FBIs liste over mest ettersøkte terroristar

FBI oppdaterte måndag si 'Most Wanted terrorist'-liste etter Osama bin Ladens død. Al Qaida-topp Ayman al-Zawahiri tek truleg over førsteplassen.

Foto: Skjermdump / FBI

Det sa CIA-dikrektør Leon Panetta i eit intervju med fjernsynskanalen CBS tysdag.

Etter terroråtaket mot USA den 11.september 2001, er det éin mann som har toppa det amerikanske etterforskingsorganet FBI si liste over mest ettersøkte terroristar: Osama bin Laden.

Søndag førre veke vart den forhatte Al Qaida-leiaren drepen av amerikanske spesialstyrkar i Pakistan. Drapet markerte slutten på ei ti år lang intens og kvilelaus jakt.

I går oppdaterte FBI lista si med eit raudt banner med ordet «deceased» (avdød) under biletet av bin Laden.

Arvtakar ny nummer 1

No når bin Laden er eliminert som ein trugsel, er det mannen som er spådd til å ta over rolla som Al Qaida-leiar, Ayman al-Zawahiri, som truleg også rykkjer opp og tek over tittelen som verdas mest ettersøkte terrorist, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Han er på rask veg opp lista, seier CIA-direktøren.

Den egyptiske kirurgen har vorte omtalt som nestleiaren i terrornettverket og som bin Ladens mentor og personlege lege. Han har levd i skjul sidan USA erklærte krig mot terror etter tragedien den 11.september 2001.

Al Qaidas nestleder Ayman al-Zawahiri.

Nestleiar i Al Qaida, Ayman al-Zawahiri skal truleg fylla tomrommet etter Osama bin Laden - både i terrornettverket og på FBI si liste over ettersøkte terroristar.

Foto: Scanpix/AFP

Vil drepa flest mogleg

Zawahiri og bin Laden skal ha vore eit tospann i grunnlegginga av Al Qaida som tok form under den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan på 1980-talet. Zawahiri har eitt uttalt mål: å drepa så mange amerikanarar som mogleg.

I USA er Zawahiri, eller «dokteren» tiltalt for å ha medverka i bombinga av amerikanske ambassadar i Dar es Salaam, Tanzania og i Nairobi i Kenya i 1998.

I heimlandet Egypt er han dømd til døden. Vestleg etterretning meiner Zawahiri no gøymer seg i Pakistan.

Utlova dusør: 25 millionar dollar / 131 millionar kroner

Landssvikar på lista

ADAM YAHIYE GADAHN

Al Qaida-talsmann Adam Yahiye Gadahn (32) står som nummer to på FBIs 'Most Wanted'-liste. Han er tiltalt for landssvik og skal vera innblanda i fleire terroråtak.

Foto: AFP

Al Qaida er godt representert på FBI-lista over dei 30 mest ettersøkte terroristane.

Ein annan Al Qaida sympatisør som USA verkar etter å få kloa i, er den «quisling-stempla» Al Qaida-talsmannen Adam Yahiye Gadahn.

Gadahn, eller Adam Pearlman, er opphavleg frå USA og vart fødd i delstaten California i 1978. Den FBI-jaga mannen skal ha konvertert til islam då han var i 18-års alderen. Seinare skal den no 32 år gamle terroristen ha flytta til Pakistan.

I USA er han tiltalt for landsforræderi, og for å fôra Al Qaida med tenester og støtte som er av avgjerande betyding for verksemda til terrornettverket.

Rekrutterer vestleg ungdom

Gadahn har til dømes distribuert ei rekkje videoar på oppdrag frå terrornettverket Al Qaida der han oppmodar vestleg ungdom til å slutta seg til den ekstremistiske rørsla. Ein av videoane har han gjeve tittelen «Ein invitasjon til islam».

Zawahiri, som truleg skal fylla bin Laden sine sko, har i sine fjernsyns-sende talar oppfordra folk til å lytta til Gadahn sin bodskap.

Gadahn skal ifølgje FBI også vera involvert i ei rekkje terrorhandlingar.

Pakistanske styresmakter hevda i mars i fjor at dei hadde arrestert Gadahn. Denne opplysninga blei etterpå trekt tilbake, fordi dei hadde forveksla han med ein annan.

USA har utlova ein dusør på éin millionar dollar, eller i overkant av fem millionar norske kroner for tips som fører til at Gadahn vert pågripen.

Ettersøkt Al Qaida-leiing

Andre sentrale Al Qaida-medlemmer på FBI si liste over ettersøkte terroristar:

  • Seif al-Adel (50): øvste militære leiar i Al Qaida
  • Fazul Abdullah Mohammed (40): Al Qaida-sjef i Aust Afrika
  • Abdullah Ahmed Abdullah: nest-leiar i Aust Afrika
  • Mohammed Ahmed al-Quso: Al Qaida-sjef på den arabiske halvøya
  • Nazih Abdul-Hamed Nabih al-Ruqi, alias Anas al-Liby: sentral rolle i Al Qaida sitt åtak på amerikanske ambassadar i Kenya og Tanzania.
  • Ali Saeed Bin Ali al-Hooriyeh: Involvert i bombeåtak mot militærkompleks i Saudi Arabia i 1996, der 19 amerikanske militære vart drepne.

SISTE NYTT

Siste nytt