Hopp til innhold

Universitet må ut med 1,1 milliardar etter skuldingar mot gynekolog

Universitetet i Sør-California har inngått forlik og skal betale i alt 1,1 milliardar dollar (9,46 milliarder kroner) til hundrevis av kvinnelege studentar for overgrep frå ein gynekolog.

George Tyndall i retten

George Tyndall er skulda for overgrep mot kvinnelege studentar over fleire tiår.

Foto: Richard Vogel / AP / NTB

Overgrepa frå universitetslegen George Tyndall kom for dagen i ein rapport i 2018. Dei skal ha gått føre seg tilbake til 1990-talet, men saka blei først rulla opp etter at avisa Los Angeles Times begynte å grava i henne.

På torsdag denne veka blei det rekordstore forliket mellom universitetet og over 700 kvinner godkjent av høgsteretten i Los Angeles, skriv Los Angeles Times.

Forliket inneber at Universitetet i Sør-California (USC) erkjenner at dei har ansvar.

USC og advokatane til i alt 710 kvinner er blitt samde om at universitetet skal betale 852 millionar dollar. Dei noverande og tidlegare studentane har skulda legen for omfattande seksuelle overgrep, ulovlege undersøkingar og for å ha tatt ulovlege bilde av dei.

Forlikssummen blir skildra som rekordstor. Saman med eit tidlegare forlik i eit liknande gruppesøksmål, må USC ut med over ein milliard dollar.

Skuldingar over meir enn 20 år

Sentralt i forliket er at universitet erkjenner at dei ikkje greip inn då dei første skuldingane kom. I mange år blei rykte og skuldingar feid under teppet.

Legen arbeidde på helsesenteret på universitetet i nesten 30 år. Dei tidlegaste skuldingane mot han er frå midten på 1990-talet.

Det var ikkje før i 2016 då ein sjukepleiar melde han for valdtekt, at saka blei kjend. Året etter fekk Tyndall gå av i stille med ei stor utbetaling. I 2019 sa han frå seg legelisensen sin.

University of Southern California

Tusenvis av kvinnelege studentar har fått erstatning etter skuldingar mot universitetet.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTB

Rettssak ventar

Den tidlegare legen har underteikna forliket, men det er universitetet som skal betale kvinnene. Saka til legen blir følgt opp i strafferettssystemet.

– Dr. Tyndall nektar for at han har gjort noko gale. Han ventar å bli frikjent når saka kjem opp, seier advokaten hans, Leonard Levine.

Tyndall som no er 74 år, er sikta for 35 tilfelle av upassande framferd mellom 2009 og 2016. Han har ikkje erkjent straffskuld og er lauslaten på vilkår. Han risikerer 64 år i fengsel.

Universitetet beklagar

USC beklagar det som har skjedd.

– Eg er svært lei meg for den smerta som desse kvinnene har vore utsett for, seier rektor Carol L. Folt i ein uttale. Ho rosa kvinnene som har meldt frå, for deira mot, og seier ho håper at forliket vil gje dei oppreising.

Folt overtok som rektor i 2019 etter fleire skandalar, både kring helsesenteret og måten saka har vore handtert på, men og om mutingar for studieplassar.

I det tidlegare forliket har USC betalt ut 215 millionar dollar til nesten 18.000 studentar som var Tyndalls pasientar i eit anna gruppesøksmål. I dette forliket fekk kvinnene frå 2500 til 250.000 dollar kvar.

Også andre universitet har tatt oppgjer med tilsette som har utnytta studentar.

I 2018 inngjekk Michigan State University eit forlik med over 300 jenter og kvinner som sa dei hadde vore utsett for overgrep frå turntrenaren Larry Nassar. Forliket var på 550 millionar dollar.

Tidlegare har Penn State University betalt ut over 100 millionar dollar til 35 studentar som skulda fotballtrenaren Jerry Sandusky for seksuelle overgrep.

SISTE NYTT

Siste nytt