I går utnemnde president Giorgio Napolitano Mario Monti til senator på livstid, noko som blir sett som eit teikn på at presidenten meiner Monti er rette mannen til å leie ei italiensk overgangsregjering.
Silvio Berlusconi, som tidlegare denne veka varsla sin avgang, har tidlegare stått hardt på at etterfølgjaren må vere frå hans eige parti PDL,. Angelino Alfano skal ha vore den avtroppande statsministeren sin favoritt.
Utan politisk binding
I dag tyder alt på at Berlusconi har gitt opp kravet om at ein ny statsminister skal kome frå hans eige parti, og det opnar for teknokraten Mario Monti, som ikkje har bindingar til dei politiske partia eller fløyene i Italia.
68 år gamle Monti er ein høgt respektert økonom, som tidlegare har vore konkurransekommissær og kommissær for den indre marknaden i EU. Han er no toppsjef ved prestisjeuniversitet Bocconi i Milano.
PDL-partimedlemer som deltok på eit møte i presidenten sin residens i Roma i går kveld seier til det italienske nyheitsbyrået Ansa at Berlusconi gjorde det klart på møtet at det blir vanskeleg å unngå ei Monti-regjering.
Dette for at Italia skal unngå skal hamne i ein situasjonen med politisk limbo, altså fullstendig stillstand, på grunn av manglande styring. Den italienske økonomien er i alvorleg krise, og det hastar med å få gjennomført tiltak som kan gi andre land tilbake tilliten til landet sin økonomi.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Høg gjeld og høg rente
Italia har ei gjeld på 1900 milliardar euro. 10-årsrenta på italienske statsobligasjonar er no godt over sju prosent, og det er truleg over smertenivået for kva landet greier å handtere. Det er alvorleg frykt for at Italia kan bli det nye Hellas.
Storbritannias statsminister David Cameron sa i dag at Italia representerer ein klar fare for eurosona.
– Det som skjer i Italia er ei åtvaring til alle land og alle regjeringar om kor viktig det er med ein truverdig plan for handtering av gjeld og underskot, og kor viktig det er å halde seg til den planen, sa Cameron i ein tale i London.
Dette illustrerer det hastverket Italia har med å få sett saman ei handlekraftig regjering, som kan ta tak i dei økonomiske problema. Berlusconi har sagt at han vil gå av straks parlamentet har vedteke dei økonomiske reformene EU har kravd at Italia skal gjennomføre.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Intern strid i PDL
Dersom Silvio Berlusconi gir si støtte til ei samlingsregjering under leiing av Mario Monti, kan det skape strid internt i partiet hans PDL. Og det kan skape vanskar for partiet fram mot eit eventuelt nyval neste år.
Dei mest pessimistiske kommentatorane i italiensk presse fryktar at det kan trekkje i langdrag før Berlusconi går av. Italia-ekspert Simen Ekern sa det slik i går:
– Dei trur han har pønska ut ein plan for å bli sitjande til det blir skrive ut nyval for å øydeleggje for opposisjonen sitt ynskje om å opprette ei meir upolitisk overgangsregjering, sa han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: