Hopp til innhold

Ber flyktningar frå krigen om å ikkje reise heim i vinter – men millionar er der allereie

Ukrainske styresmakter vil at dei som tidlegare har flykta frå område som no har blitt gjenerobra, skal vente med å kome heim til våren kjem.

Local residents stand next to wood stoves, water and food delivered by volunteers in a village near a frontline in Mykolaiv region

FÅR VEDOMNAR: Innbyggarar nær frontlinja i Mylokaiv-regionen har fått vedomnar for å kunne klare seg gjennom ein vinter med lite straum.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

– Kraftnettverka klarar seg ikkje, seier visestatsminister Irina Veresjtsjuk til BBC.

– Dykk ser kva Russland gjer.

Visestatsministeren held fram med at sjølv om ho gjerne vil at ukrainarar skal kome heim i vår, er det viktig å halde seg vekke no fordi «situasjonen berre vil bli verre».

FILE PHOTO: View shows a burning thermal power plant hit by a Russian missile strike in Kharkiv

Dette varmekraftverket blei øydelagd av russiske missil i september.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

– Dersom det er mogleg, hald dykk i utlandet inntil vidare.

Russland har den siste tida trappa opp angrepa på kraftstasjonar, vassverk og annan kritisk infrastruktur rundt omkring i landet.

Ifølge president Volodymyr Zelenskyj har russiske flyangrep øydelagt meir enn ein tredel av energisektoren i Ukraina.

  • En mann leverer en ovn til ukrainske sivile i Mykolaiv.

    Ukrainarar i landsbyen Mykolaiv blir tildelte vedomnar for å kunne halde varmen gjennom vinteren.

  • Local residents receive water from a volunteer in a village near a frontline in Mykolaiv region

    Dei som ventar får også med seg drikkevatn.

  • Volunteers produce wood stoves for people in villages near a frontline in Mykolaiv region

    Omnane er bygde her, av frivillige som vil hjelpe dei som sit att utan varme og straum.

  • En mann bygger ovner som skal deles ut til innbyggere i Ukraina for å hjelpe dem holde varmen gjennom vinteren.

    Vinteren står for døra, og behovet er stort.

  • Local residents carry on bicycles a wood stove, water and food delivered by volunteers in a village near a frontline in Mykolaiv region

    Blant dei som har nytta seg av tilbodet, er desse innbyggarane...

  • En ukrainsk kvinne går forbi en av ovnene gitt til sivilbefolkningen i Mykolaiv i Ukraina.

    ... og denne lokale kvinna. Også her, like ved frontlinja, held livet fram.

Desse skal ha også ført til at ein million hushaldningar mista straumen.

No fryktar styresmaktene at dei har for lite energiforsyning til alle dei som har planar om å flytte heim i haust og vinter.

En kvinne tenner et stearinlys under et strømbrudd i utkanten av Kyiv 20. oktober 2022.

Ei kvinne tenner eit stearinljos under eit straumbrot i utkanten av Kyiv 20. oktober.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Dyster kvardag

Roberto Vila-Sexto er landsdirektør for Flyktninghjelpen i Ukraina. På veg til Kyiv frå den vesle byen Sjevtsjenkove ved fronten i aust, beskriv han ein bokstaveleg talt dyster kvardag.

– Dei store byane rasjonerer på straumen, og det er mørkt kvar dag frå kl. 18 fordi det ikkje er nok straum til å bruke gatelys, seier han til NRK.

Ein mann huggar ved i Kisjvarika i Ukraina, 16. oktober.

Ein mann kappar ved i Kisjvarika i Ukraina, 16. oktober.

Foto: Francisco Seco / AP

– I landsbyane slit folk med å skaffe nok ved til omnane sine. Vi i Flyktninghjelpen og mange andre organisasjonar jobbar no på spreng for å hjelpe innbyggjarane i desse områda med å førebu seg på vinteren. Vi prøver å skaffe ved, varmt tøy, soveposar og å hjelpe til med å isolere husa. Men mykje av busetnaden er øydelagd av kamphandlingane, skildrar Vila-Sexto.

Han fortel at også arbeidsløyse er ei stor utfordring.

– I dei nyleg frigjorde områda er det ikkje lett å gå tilbake til den gamle jobben sin, og mange slit med å få tak i dei tinga dei treng.

Les også Kan dette bli våpenet Putin bruker for å knekke ukrainerne?

zf9fHj5Ef_U

Millionar har likevel vendt tilbake

Litt over 6 millionar ukrainarar som flykta frå heimane sine har allereie vendt tilbake, ifølge FN sitt migrasjonsbyrå.

Dei fleste av desse skal ha oppheldt seg på stader i landet som ikkje var okkuperte, medan ein av fem skal ha søkt tilflukt i andre land.

Ukrainian refugee Swetlana (L), 27, eats with her children and her young neighbour at the old orphanage.

Flyktning Svetlana (venstre) et saman med barna sine og eit nabobarn i ein flyktningleir sør i Ukraina.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Bilete frå ein flyktningleir sør i landet, som blei etablert i ein gammal barneheim, viser framleis mange familiar som har sett kvardagen på vent.

I kantina sit Svetlana (27) og et maten som blir utlevert saman med barna sine, og eitt barn som skal vere naboen deira.

Ute på leikeplassen dinglar det tre gutar frå klatrestativet, som også har flykta frå kampane. Det er usikkert når nokre av dei får vende heim.

Denne guten er ein av flyktningane som bur på den gamle barneheimen. Barna nyttar seg av leikeplassen for å få dagane til å gå.

Barna nyttar seg av leikeplassen på barneheimen for å få dagane til å gå.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Sist månad gjorde det polske tilsettingsbyrået Gremi Personal ei undersøking blant fleire enn tusen ukrainske flyktningar i Polen.

Ein av fem svarte at dei hadde planar om å reise heim før vinteren starta. Ein av tre sa dei ville bli verande fram til neste år. Polen grensar til Ukraina i vest, nær byane Lutsk og Lviv.

Les også Lilia reiste hjem til Kyiv – så startet eksplosjonene

Lilia Yatsenko i Kyiv, Ukraina.

Framleis stor flyktningstraum til Europa

Elles i Europa har fleire enn 7,6 millionar ukrainarar registrert flyktningstatus, melder FN sin høgkommisær for flyktningar.

Krigen i Ukraina har også ført til ein historisk stor flyktningstraum til Noreg, slo statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fast på tysdag.

Av dei 34 000 asylsøkarane som har kome til landet i 2022, er 30 000 ukrainarar. I år er det også busett fleire flyktningar enn dei siste fire åra til saman.

Repairs are made to train tracks, in Slatyne

Ukraina driv reparasjonsarbeid på toglinja til Belgorod.

Foto: CLODAGH KILCOYNE / Reuters

Det er venta endå fleire før året er omme, og regjeringa har tredobla anslaget sitt for neste år. Til saman er det venta 70 000 på to år.

Energikommissæren i EU, Kadri Simson, etter eit møte med medlemslanda sine energiministrar på tysdag, oppfordra til å donere pengar og utstyr for at energisektoren i Ukraina skal kome seg på føtene igjen.