Hopp til innhold

Bensinmangel trugar Gaddafi

Libya baserar seg no for det meste på smuglerbensin frå Tunisia. – Regimet har gått tom for drivstoff, seier ein tidlegare sjef i Gaddafi-regjeringa.

Mideast Libya

Køane i Tripoli strekk seg fleire kilometer.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

– Det kan skje kva tid som helst no, det vil truleg ikkje ta lenger tid enn tre veker, seier talspersonen for den tidlegare leiaren i Libya sitt statlege fond, Mustafa Zarti, til Reuters.

Han snakkar om det han trur vil ende i kollapsen til Gaddafi sitt regime i Libya. Situasjonen er prekær etter at drivstoff blir vanskelegare å få tak i for kvar dag som går.

Rasjonering i Tripoli

At Libya har stor mangel på bensin er tydeleg i hovudstaden Tripoli. Fleire kilometer lange køar med bilar er synlege framføre bensinstasjonane. Ein innbyggjar i byen, som vil vere anonym, er svært bekymra over utviklinga.

– Nokre folk står i kø i over fem dagar, og ein slektning av meg måtte bruke åtte dagar på å fylle bensin, seier han.

Styresmaktene har no innført eit rasjoneringssystem for bensin. Bileigarane avtalar ein tid dei kan fylle bensin på bilen. Normalt får dei fylle rundt 30 liter i veka. Dette har letta litt på presset.

Mangelen på bensin har allereie skapt ein stor svart marknad. Prisen på ein liter bensin på den svarte marknaden er rundt 5 libyske dinarar, eller 17 kroner. Til samanlikning er den offisielle prisen 0,15 dinarar.

Produserar framleis sjølv

Etter å ha vore ein av Afrikas største oljenasjonar for nokre tiår sidan, finst det no berre eitt einaste oljeraffineri som er operativt i Libya. Det ligg i byen Zawiyah som framleis er kontrollert av Gaddafi.

Det er vanskeleg å talfeste størrelsen på produksjonen av bensin og diesel ved raffineriet, men ein talsperson frå styresmaktene opplyser overfor Reuters at det vert produsert 3 500 tonn drivstoff om dagen.

Dette står i sterk kontrast til situasjonen til landet for nokre tiår sidan. På 1980-talet gjorde olja Libya til det rikaste landet i Afrika, med ein BNP per innbyggjar som var høgre enn land som Italia og Spania.

Smuglar via Tunisia-grensa

LIBYA/FUEL To match Special Report LIBYA/FUEL

Det Gadaffi-kontrollerte oljeraffineriet i byen Zawiyah, er det einaste som er operativt i oljenasjonen Libya.

Foto: CHRIS HELGREN / Reuters

Ved den tunisiske grensebyen Zokra står hundrevis av libyske Gadaffi-kontrollerte køyrety klare til å fylle tanken. Mange familiar i Zokra og andre tunisiske byar tener godt med pengar ved å ignorere sanksjonane mot Libya.

Libya har eit overskot på diesel i høve til bensin. Det gjer at dei gladeleg bytar diesel mot bensin. For å byte vekk diesel i Tunisia tek dei til takke med ein tredjedel bensin tilbake.

Det finst i dag ingen offisiell oljeblokade mot Libya, men det ulovleg i Tunisia og Algerie å gjere forretning med personar eller organisasjonar som er lenka til Gadaffi. Men grensa til Libya er lang og uoversikteleg, og vanskeleg for styresmaktene å handheve.

– Me kan ikkje kontrollere grensa. Det er ulovleg handel mellom alle land. Det er ulovleg handel mellom Frankrike og Luxembourg, sa ein talsmann frå styresmaktene når han blir spurt om smuglinga.

Sjølvmordsplan

Russland sin spesialutsending til Libya avslørte nyleg ein plan overfor ei russisk avis, som er med på å styrke inntrykket av at regimet står på randen til kollaps. Dersom opprørarane tek seg inn i hovudstaden Tripoli, vil Gadaffi-regimet starte ein sjølvmordaksjon mot opprørarane.

– Eg ser for meg at Gadaffi har ein slik sjølvmordplan, seier russaren, ifølgje avisa The Telegraph.

Trass i drivstoffkrisa, har regimet truleg ikkje noko mangel på ammunisjon og sprengstoff.

LIBYA/FUEL To match Special Report LIBYA/FUEL

Rasjonalisering på bensin er nyleg innført i Tripoli. Bileigarar får kjøpe omlag 30 liter i veka.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt