Hopp til innhold

Ukraina etter forhandlingane: Nok framsteg til at Zelenskyj og Putin kan møtast

Både Russland og Ukraina seier samtalane tysdag var konstruktive. Samstundes seier det russiske militæret at dei vil trappe ned den militære aktiviteten rundt enkelte byar.

I dag møttest forhandlarar frå Ukraina og Russland i Tyrkia for ein fjerde runde med samtalar. Etter nesten fire timar var samtalane over, ifølge den ukrainske ambassaden i Tyrkia.

Etter møtet sa ein av dei ukrainske forhandlarane at om dei får tryggleiksgarantiane til å verke, vil Ukraina godta status som nøytral.

Mykhailo Podoljak, som er rådgjevar til den ukrainske presidenten, nemnde Israel, Polen, Canada, Tyskland og Tyrkia som land som kan garantere tryggleiken til Ukraina.

I tillegg må USA, Kina, Frankrike og Storbritannia frå FNs sikkerheitsråd stille seg bak ein slik garanti.

Ukraina opnar i tillegg for ikkje å ha utanlandske militærbasar på sitt territorium, men krev å kunne ha felles militærøvingar på eige jord med tryggleiksgarantistane.

Krim-halvøya, som Russland tok i 2014, og dei to russiskstøtta utbrytarrepublikkane i Øst-Ukraina skal foreløpig ikkje omfattast av tryggleiksgarantiane. Og det må haldast eigne forhandlingar om Krim for å avgjere halvøyas endelege status. Desse forhandlingane bør gå over 15 år.

Mykhailo Podoljak under forhandlingane i Istanbul.

Mykhailo Podoljak er ein av dei nærmast rådgjevarane til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Han møtte dei store internasjonale pressebyråa etter at møtet var ferdig.

Foto: KEMAL ASLAN / Reuters

Forhandlaren la til at det må haldast ei folkeavstemming om landet skal vera nøytralt.

Ein slik nøytral status skal ikkje vere til hinder for at landet kan søke om å bli EU-medlem.

Den ukrainske forhandlaren sa at forslaga er lagt fram for dei russiske forhandlarane og at det har vore nok framsteg til at tida no er inne for eit møte mellom dei to landa sine presidentar.

Vil leggje forslaga fram for Putin

Den russiske forhandlaren Vladimir Medinskij seier at «samtalane var konstruktive» og at dei vil leggje dei ukrainske forslaga fram for Putin.

Medinskij seier at Russland ikkje er imot at Ukraina sluttar seg til EU.

Han la til at eit møte mellom Zelenskyj og Putin berre er mogleg dersom dei to landa sine utanriksministrar fyrst har godkjent ein avtale.

Samstundes seier det russiske militæret at dei drastisk vil trappe ned den militære aktiviteten rundt Kyiv og Tsjernihiv for å betre føresetnadane for vidare samtalar.

Erdogan leiar forhandlingane mellom Russland og Ukraina.

Nato-landet Tyrkia har ein god handelsrelasjon til både Russland og Ukraina, og har gode grunnar til å ønske fred mellom landa.

Foto: AP

Ikkje møte i morgon

Den tyrkiske utanriksministeren Mevlüt Çavusoglu, som også var til stades i dag, seier møtet resulterte i «meiningsfull framgang».

– Dei har oppnådd ein overeinskomst og felles forståing på nokre område, uttalte Çavusoglu.

Han hevdar at den russiske og den ukrainske utanriksministeren skal møtast snart, men at stad og tid ikkje er fastsett.

Åtvarar mot å ete og drikke

Før møtet gjekk Ukrainas utanriksminister ut og bad forhandlarane om å ikkje ete eller drikke, skriv Sky News.

– Eg oppfordrar kvar og ein som skal forhandle med Russland om ikkje å ete eller drikke noko som helst, og helst også å unngå å ta på nokon overflater, sa Dmytro Kuleba.

Utsegna kjem etter at den russiske oligarken Roman Abramovitsj og fleire av fredsforhandlarane i den ukrainske delegasjonen skal ha fått symptom på forgifting.

Etter eit møte i Kyiv tidlegare i mars fekk Abramovitsj og to andre personar mellom anna raude og rennande auge og hud som flassa av i ansiktet og på henda.

Abramovitsj sin talsperson har stadfesta at han fekk symptom på mogleg forgifting. Ifølge det russiske nyheitsbyrået RIA er han likevel til stades i forhandlingsrommet i Istanbul.

Roman Abramovitsj i forhandlingane.

Milliardæren Roman Abramovitsj møtte mellom anna den tyrkiske presidenten før forhandlingane begynte.

Foto: TASS / SipaUSA

Abramovitsj deltar ikkje i forhandlingane, men er til stades under dei, seier Putins talsperson Dmitry Peskov.

Det er ikkje bevis for at forhandlarane blei forgifta. President Volodymyr Zelenskyjs rådgjevar, Mykhailo Podoljak, kallar påstandane for spekulasjonar. Peskov nektar også for at dei skal ha blitt forgifta, og seier påstandane er ein del av «informasjonskrigen».

Zelenskyj skal tale til Stortinget

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kjem til å snakke på videolink til Stortinget onsdag klokka 14.

Det er venta at arrangementet vil vare i rundt 20 minutt, skriv Stortinget i ei pressemelding.

Volodomyr Zelenskyj.

Ukrainas ambassadør og regjeringa sine medlemmer vil bli invitert når Volodymyr Zelenskyj skal halde tale. Dei vil legge til rette for at alle skal kunne følge talen.

Foto: AP

Stortingspresident Masud Gharahkhani seier til NRK at Zelenskyj blei invitert fordi vi er i den største humanitære krisa og den største krigen i Europa sidan andre verdskrig.

– Heile det norske folk og alle dei politiske partia i Noreg står saman om å vise solidaritet til det ukrainske folk. Eg meiner det er ei stor ære og det kjem til å bli ein historisk augeblink når president Zelenskyj kjem til å tale.

– Er du førebudd på kritikk når Volodymyr Zelenskyj talar i morgon?

– Eg er sikker på at president Zelenskyj kjem til å ha ein klar tale, og det skal alle politikarane her lytte godt til, seier Gharahkhani.

I løpet av veka skal Zelenskyj også halde tale til nasjonalforsamlingane i Nederland, Hellas og Australia.

– Det er viktig at desse talene ikkje berre blir haldne til politikarane, men også til samfunna, seier Zelenskyj i ein videotale måndag kveld.

I dag talte presidenten til det danske Folketinget. Han seier han er takksam til det danske folk for hjelpa, men bad om ytterlegare sanksjonar til Russland.

– Men dykk må ikkje stoppe der. Europa må seie nei til russisk olje, sa Zelenskyj.

Kart over konflikten i Ukraina per 27.03.2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 28.03.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 27.03.2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 28.03.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 27.03.2022

SISTE NYTT

Siste nytt