NRK Meny
Normal

Ventar på at USA skal reise spionsak mot han

Dagen etter at Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange slapp ut mot kausjon, seier han at han ventar å bli tiltalt for spionasje av USA.

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange snakkar med media etter at han vart sett fri i går.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange

Julian Assange viser fram rettsdokumentet som viser at han slepp ut frå fengsel etter ni dagar.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

39-åringen fekk sleppe ut frå fengsel i går, etter at Wikileaks-tilhengjarar betalte 200.000 pund (1,8 millionar kroner) kontant i kausjon.

Assange seier han vil halde fram arbeidet med å sleppe hemmelege dokument. Men det første døgnet ute frå fengsel trur han vil gå med til å ta seg av andre juridiske saker.

Ventar på USA

– Vi har høyrt frå ein av advokatane mine i USA. Han har ubekrefta meldingar om at USA planlegg å reise sak mot meg for spionasje, seier Assange til avisa The Telegraph.

Ein talsperson ved det amerikanske justisdepartementet ville berre stadfeste at dei har starta etterforsking av Wikileaks-saka.

The New York Times skreiv i går at justisdepartementet prøvar å få reist tiltale mot Assange om han har oppmuntra etteretningsanalytikaren Bradley Manning (22) til å hente ut filer frå regjeringa sitt datasystem.

Assange ser alvorleg på trusselen.

– Ein ting vi har vore urolege for under mitt opphald i Storbritannia, er om saka om utlevering til Sverige eigentleg er eit forsøk på å gjere det lettare å få meg utlevert til USA, seier han.

Framleis husarrest

Assange er mistenkt for seksuelle overgrep mot to kvinner i Sverige, og den svenske påtalemakta har kravd å få han utlevert. Det har Assange motsett seg, og han har vore nøydd å sitje ni dagar i fengsel i Storbritannia etter at han melde seg for politet der 7. desember.

Han vart sett fri i går, men må framleis opphalde seg i Storbritannia, og er plassert i husarrest delar av døgnet. Han må i tillegg bruke fotlenke og melde seg for politiet kvar dag.

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange

Han kom til retten i ein fengselsbil, og gjekk som ein «fri» mann.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

– Utsett for vendetta

Forsvararen Mark Stephens seier likevel han er veldig glad for å ha Assange ute av fengsel, men han er ikkje nøgd med Sverige si rolle i saka.

Advokat Mark Stephens

Forsvarar Mark Stephens meiner den svenske anken var unødvendig, og trur han er del av eit større spel.

Foto: Peter Macdairmid / Ap

– Vi meiner det var ein unødvendig anke, og dette viser verkeleg at Assange er ein del av ein vidareført vendetta mot han, seier Stephens.

Assange skaffa seg mektige fiendar over heile verda då han starta å sleppe dokument som inneheldt sensitive opplysningar frå amerikanske diplomatar.

Australia droppar gransking

I dag vedtok australsk politi å leggje vekk si gransking av Assange. Dei meiner Wikileaks ikkje har gjort noko kriminelt ved å offentleggjere dei hemmelege dokumenta.

Assange er frå Australia, og den australske regjeringa har tidlegare kalt det Wikileaks gjer for «potensielt ulovleg». Politiet har ikkje klart å påvise at Wikileaks har gjort noko ulovleg, og avsluttar derfor granskinga, melder nyheitsbyrået AFP i dag.

Statsminister Julia Gillard er kritisert for å kunne ha skadd saka til Assange med sine ytringar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt