NRK Meny
Normal

USA jobbar for å fella Assange

USA forsøkjer å bevisa at Julian Assange var medskuldig i Wikileaks-lekkasjane ved at han oppfordra eller hjelpte den hovudmistenkte, Bradley Manning.

WikiLeaks

USA vil ha kloa i mannen bak Wikileaks, Julian Assange. Det har vist seg å vera vanskeleg.

Foto: Skjermdump

Det amerikanske justisdepartementet freistar no å stabla på beina ei straffesak mot Wikileaks-leiaren Julian Assange, for å ha medverka til spreiinga av hundretusenvis av hemmelegstempla statlege dokument, skriv avisa The New York Times.

Styresmaktene arbeider med å finna ut om Assange oppmuntra eller hjelpte etterretningsanalytikaren Bradley Manning (22) med henta ut departement-filer frå regjeringa sitt datasystem.

Dersom det er tilfelle, kan dei sikta Assange for å ha vore ein medsamansvoren og ikkje berre ein passiv mottakar og utgjevar av dokumenta.

22-åring bak lekkasje

Bradley Manning

Militæranalytikaren Bradley Manning (22) er ansvarleg for lekkasjen av mange tusen hennelegstempla krigsdokument frå Afghanistan.

Foto: Ap

Den amerikanske etteretningsanalytikaren Bradley Manning (22) jobba i dei amerikanske etterretningskontora i Bagdad, Irak då han i juli vart arrestert for å ha filma og publisert ein video av hemmeleg materiale.

Videoen viser eit amerikansk helikopter som skyt mot menneske i Bagdad. To journalistar fra nyheitsbyrået Reuters og sju andre personar vart drepne i hendinga.

I slutten av juli fann etterforskarane også bevis for at Manning er den ansvarlege bak lekkasjen av 92.000 krigsdokument frå Afghanistan-krigen.

– Direkte kontakt

I forkant av pågripinga skal Manning ha fortrudd seg til eks-hackaren Adrian Lamo, som deretter tysta til politiet.

Av materialet som aktor no studerer, er loggen frå ein nettprat mellom Manning og Lamo.

I loggen skal Manning hevda at han var i direkte kontakt med Assange medan han lasta ned dei klassifiserte filene.

Magasinet Wired publiserte i juni utdrag frå nettpraten mellom dei to, men informasjonen om at Manning og Assange var i direkte kontakt under hackinga, finst ikkje i desse utdraga.

Assange skal også ha gjeve Manning tilgang til ein server som skulle nyttast utelukkande til å lasta opp filene til Wikileaks.

Ifølgje Lamo skal Manning ha skryte av «sin status som ei høgt profilert kjelde for Wikileaks».

Skapar hovudbry

Heilt sidan Wikileaks begynte å publisera hemmelegstempla USA-dokument, har justidepartementet lest lovsamlinga med lupe for å finna ein måte å få Assange sett bak lås og slå.

Advokaten til Assange uttalte nyleg at ein amerikansk storjury allereie er kalla saman for å undersøkja om det er grunnlag for å ta ut tiltale mot Wikileaks-gründeren.

Justisdepartementet har blant anna studert fleire lovar som kriminalisererer spreiinga av sensitiv informasjon, som spionlova frå 1917 og lova frå 1986 om datasvindel og misbruk

Men sjølv om rettsvesenet har felt lekkasje-kjelder og hackarar ved å ty til desse lovane, har dei aldri lukkast med å dømma mottakarar for å distribuera informasjonen vidare.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt