Hopp til innhold

Går fri mot kausjon, husarrest og fotlenke

Wikileaks-gründer Julian Assange er sett fri mot kausjon i London. Men pengekravet er langt ifrå det einaste domstolen stiller.

Video Assange-høring i London

Sjå direktesendinga utanfor Royal Courts of Justice i London.

Assange vert sett fri mot ein kausjon på om lag 2,2 millionar kroner i kontantar, opplyser retten i London like før klokka 14 i dag.

– Til glede og fryd for mange, sa Assange sin advokat Mark Stephens då han kom ut frå rettslokalet.

– Gler meg til å klemma han

I eit rettsmøte tysdag bestemte Westminster Magistrate`s Court i London at Assange kunne setjast fri mot ein kausjon på om lag 2,2 millionar norske kroner.

Den svenske påtalemakta skal ha anka avgjersla, men vann ikkje fram med ankesaka i Royal Courts of Justice i dag. Dermed er Assange ein fri mann.

– Eg kan ikkje venta med å få halda rundt sonen min igjen. Eg vil retta ein stor takk til rettsvesenet, advokatar og alle støttespelarar, sa mor Christine Assange.

Blir ein «fri» mann

– Eit glimt av rettferd, uttaler forfattar, filmskapar og Wikileaks-støttespelar John Pilger.

Assange sjølv er klokka 15.20 framleis inne i rettslokalet.

Så snart han har lagt million-kausjonen på bordet vil Assange kunne gå frå rettssalen som ein fri mann, melder Sky News.

Grunna prosedyrar han må gjennom i retten, vil det truleg skje seinare i dag, eller fredag.

Fridomen hans vil i mellomtida vera sterkt avgrensa. Ifølgje svenske Aftonbladet har domstolen stilt følgjande krav for at Assange skal få gå:

  • Han må betala 2,2 millionar kroner (240 000 pund) i kausjon - kontant.
  • Passet hans vert beslaglagd.
  • Han må opphalda seg i husarrest store delar av døgnet. Det innebærer at han ikkje får forlata journalisten Vaughan Smith sin herregård mellom klokka 22.00 - 06.00.
  • Han må gå med elektronisk fotlenke.
  • Han må dagleg melda seg ved ein politistasjon ein gong mellom klokka 14.00 og 17.00.

Må i nytt rettsmøte

Advokat Mark Stephens

Advokaten til Julian Assange, Mark Stephens utanfor Royal Courts of Justice i London.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

Assange vert lauslaten etter ni dagar i varetekt i Wandsworth-fengselet i London. Det var Assange sjølv som melde seg til britisk politi den 7.desember, etter at han vart etterlyst via Interpol av svenske styresmakter.

Han må likevel i eit nytt rettsmøte den 11.januar neste år.

Assange er mistenkt for seksuelle overgrep mot to kvinner i Sverige, og den svenske påtalemakta har framsett krav om å få Assange utlevert.

USA vil ha Assange

Sverige er heller ikkje dei einaste som ønskjer å få kloa i Wikileaks-grunnleggjaren. Også USA, som har vorte hardt råka av lekkasjane, har lagt hovuda i bløyt for å få Assange fengsla.

Forsvarar Stephens minte også journalistane om at kampen dei kjempar for å få Assange fri, ikkje er over så lenge justisdepartementet i USA prøver å få han dømd for spionasje.

Assange i stålbur

Assange blei ført diskrét inn i rettssalen i 11-tida. Mor hans, Christine Assange har reist frå Australia til London for å følgja dagens rettsmøte.

Då retten blei sett klokka 12.35 i dag, blei Assange plassert inne i eit stålbur, ifølgje svenske Aftonbladet.

Under tidlegare rettsmøter har 39-åringen vorte plassert bak ei glasplate.

Torsdag var også representantar for den svenske påtalemakta tilstades i britisk høgsterett.

Står i kø for eit glimt

I dag, likesom under førre høyring, var eit stort internasjonalt pressekorps og demonstrantar samla utanfor rettssalen der forhandlingane gjekk føre seg.

Allereie klokka ni i dag tidleg hadde eit 40-tals journalistar og rundt 20 fjernsyns-team rigga seg til utanfor Royal Courts of Justice i London.

Inne i rettslokalet var 200 plasser atterhaldt allmennheita. I morgontimane stod folk i lange rekkjer for å få sjå forhandlingane frå innsida.

Journalistane hadde referatforbod under heile rettsmøtet. Sist kunne dei heldige som fekk plass inne i rettslokalet fritt bruka Twitter til å informera om utviklinga undervegs.

Vil ha millionane i kontantar

Retten kravde å få kausjonssummen utbetalt i kontantar, og det var knytta stor spenning til om Assange ville greie å få inn millionbeløpet i løpet av dagen.

Kjendisar som Michael Moore og Bianca Jagger har sagt seg villige til å vera med å betala kausjonen.

– Kausjonen bør vera på bordet i løpet av torsdagen. Pengane finst allereie i banksystemet og me har fått lovnader frå tidlegare støttespelarar, sa advokat Mark Stephens til Reuters rett før rettshøyringa begynte torsdag føremiddag.

NRK.no kjem med meir.