Hopp til innhold

Minst seks omkom i togkrasj

Minst seks menneske omkom og over 100 vart skadde då eit Euro City-tog krasja inn i ei samanrasa bru i Tsjekkia i føremiddag.

Motorvegbrua fall ned på toglina.

Motorvegbrua som kollapsa over toglina var under bygging.

Foto: VLADISLAV GALGINEK / AP

Toget heldt ei fart på 140 kilometer i timen då ulukka skjedde, opplyser ein talsman for jernbaneselskapet.

Ulukka skjedde cirka klokka 10.30 i Studenka, rundt 350 kilometer frå Praha, ikkje langt frå grensa til Polen. Den næraste større byen i Tsjekkia er Ostrava.

Toget var på veg frå Krakow i Polen til Praha med 400 passasjerar om bord.

Hjelpearbeidarane berga ut mange hardt skadde menneske.

Redningsarbeidarane berga ut mange hardt skadde menneske.

Foto: EBU

Det går føre seg ein større redningsoperasjon på staden, og dei skadde er sende til 10 ulike sjukehus i regionen. Alt tilgjengeleg mannskap og materiell er sett inn i redningsarbeidet.

Dei første meldingane frå ulukkesstaden gjekk ut på at minst 10 menneske hadde mist livet, men talet vart seinare nedjustert til seks.

Det kan likevel ikkje utelukkast at talet på omkomne kan stige.

Det var delar av ei motorvegbru under bygging som fall saman over jernbanelina. Lokomotivet og tre jernbanevogner spora av etter samanstøyten, seier Jan Kucera, talsmann for jernbaneselskapet.

- Skadeomfanget er enormt, legg han til.

Brannvesenet har ei anna forklaring på kva som skjedde. Ein av deira talsmenn seier til den tsjekkiske fjernsynsstasjonen CT at brua kollapsa opp på det passerande toget.

Blant passasjerane var ei stor gruppe ungdomar på veg til ein festival i den tsjekkiske byen Pardubice.

Ulukke med Euro City-tog i Tsjekkia 8. august 2008.

Øydeleggingane var enorme etter samanstøyten.

Foto: EBU
Minst 10 menneske omkom i togulukka i Tsjekkia.

Minst 10 menneske omkom og over 100 vart skadde i ulukka.

Foto: EBU
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.