Hopp til innhold

– Soldatar er ikkje løysinga i Rio

Latin-Amerikagruppene er kritisk til at soldatar, ikkje politi, skal ta hand om kriminaliteten i Rio.

BRAZIL-VIOLENCE-FAVELA-SECURITY

SOLDATAR I FAVELAEN: Politiet har mista kontrollen, difor må soldatane ta over meiner president Temer. Latinamerikagruppene er ikkje samd i dette.

Foto: MAURO PIMENTEL / AFP

Fredag sette president Michel Temer i Brasil inn hæren for å få kontroll over dei kriminelle gjengane, som ifølgje presidenten har tatt kontroll over delstaten Rio de Janeiro.

– Eg set i verk desse ekstreme tiltaka for å sikre freden i landet, sa president Temer.

Soldatar patruljerer allereie i favelaene i Rio de Janeiro, men dekretet frå presidenten gjev militæret full kontroll over sikkerheitsoperasjonane i delstaten.

Det betyr at hæren er overordna politiet – ein situasjon som Brasil ikkje har opplevd sidan diktaturet fall i 1985, etter 21 år med militært styre.

– Soldatar er ikkje løysinga

APTOPIX Brazil Rio Violence

KASTAR SEG NED: Sivile ligg i dekning på grunn av skyting mellom politi og kriminelle i favelaen. Dette er frå 2010, men situasjonen skal ifølgje presidenten ha blitt verre den siste tida.

Foto: Silvia Izquierdo / Ap

– Vald og kriminalitet er eit stort problem. Men det same er politivald. Mange i favelaen fryktar politiet meir enn dei kriminelle, seier Kine Fristad, utekoordinator for Latin-Amerikagruppene i Brasil (LAG), på e-post til NRK.

LAG meiner at dekretet til presidenten vil føre til ein valdsspiral, og at ein heller bør sjå på korleis ein kan betre dei sosiale tilhøva i slummen.

– Løysinga er ikkje militære inngrep, men reformer og tiltak som kan betre liva til folk, seier Fristad.

LAG fryktar også at president Temer svartmålar situasjonen, for å få meir kontroll over folkeleg motstand.

Nytt tryggingsdepartement

Temer varsla laurdag at han vil opprette eit sikkerheitsdepartement, som skal samordne innsatsen.

Militæroperasjonen skal etter planen vare ut Temers periode, som går til 31. desember.

– Vi finn oss ikkje i at framtida vår blir drepen, sa Temer fredag.

Det bur 16 millionar innbyggjarar i delstaten Rio, derav 6,5 millionar i sjølve byen.

TOPSHOT-BRAZIL-CRIME-DRUGS-MILITARY

HÆREN TEK OVER: Ein soldat står vakt i Favelaen på søndag. No er det soldatane som bestemmer over politiet.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt