NRK Meny
Normal

– Sjukehus-angrepet i Kunduz skuldast «menneskeleg feil»

– Angrepet mot sjukehuset i Kunduz i Afghanistan var ein tragisk feil, men dei amerikanske soldatane som var involverte visste ikkje at målet var eit sjukehus, viser ein amerikansk rapport. Legar Utan Grenser krev framleis ei uavhengig gransking

Intervju med Morten Rostrup i MSF.

VIDEO: Morten Rostrup krev uavhengig gransking av sjukehusbombing i Afghanistan.

Det var natt til laurdag 3. oktober i år at eit sjukehus drive av organisasjonen Legar Utan Grenser (MSF) vart bomba av amerikanske fly. Minst 30 menneske miste livet i angrepet. 13 var legar og andre tilsette ved sjukehuset, ti var pasientar, medan det er uklart kva roller dei sju siste hadde.

Tidlegare har USAs president Barack Obama og det amerikanske forsvaret beklaga feilbombinga .

– Suspenderte frå teneste

General John Campbell.

General John Campbell er øvstkommanderande for dei amerikanske styrkane i Afghanistan.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

General John Campbell, USAs øvstkommanderande i Afghanistan, la i dag fram resultatet av det amerikanske militæret sin granskingsrapport i det allierte hovudkvarteret i den afghanske hovudstaden Kabul i dag.

Han opplyste at alle amerikanske soldatar som var «nærast» til angrepet mot sjukehuset, no er suspenderte frå teneste.

Han kalla angrepet mot sjukehuset for tragisk, og at det burde ha vore unngått. I hovudsak skuldast det menneskelege feil, sa han. Han sa også at USA ikkje fylgde dei gjeldande «rules of engagement», altså rutinane for korleis ein skal opptre i strid.

- Skaut på helsepersonell og pasientar frå lufta

– Vi har lært

– Amerikanske styrkar ville aldri ha gått til angrep på eit sjukehus eller liknande institusjonar med vilje, sa Campbell blant anna då han la fram resultatet av rapporten i dag. Han forsikra også om at dei amerikanske væpna styrkane har lært av det som skjedde.

Afghanistan

Bombinga av MSF-sjukehuset i Kunduz kosta minst 30 menneske livet, og dei materielle øydeleggingane var også store.

Foto: STR / Ap
Bombing av sykehus

Ein sjukehustilsett ser på resultatet av den fatale bombinga av MSF-sjukehuset i Kunduz.

Foto: MSF

– Vi har lært av denne forferdelege hendinga. Vi kjem til å ta både administrative og disiplinære åtgjerder gjennom ein rettferdig og grundig prosess, som tek omsyn til alle tilgjengelege bevis, sa han.

Morten Rostrup frå Legar Utan Grenser meiner det framleis er mange spørsmål som ikkje har fått svar. Med atterhald om at han ikkje lese heile den 3000 sider lange rapporten, meiner han framleis at det er naudsynt med ei uavhengig internasjonal gransking av tragedien.

Krever norsk press mot USA etter sykehusangrep i Kunduz

Mange feil på ein gong

– Det er framleis stor forvirring rundt angrepet. Vi stiller spørsmål om korleis så mange feil kunne oppstå på ein gong. Dei skaut mot sivile hus, og dei heldt på lenge etter at vi hadde varsla både amerikanske og afghanske styresmakter. Det er vel og bra at USA granskar seg sjølv, men vi treng ei uavhengig gransking, seier Rostrup til NRK.

Han er oppteken av at ei uavhengig gransking vil kunne gi eit svar på om dette var eit krigsbrotsverk. Han peikar på at det finst ein kommisjon som kan undersøkje slike spørsmål i lys av Genève-konvensjonen.

– Eg håper at USA vil endre meining og gå med på ei uavhengig gransking, seier Rostrup.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt