NRK Meny
Normal

- Skaut på helsepersonell og pasientar frå lufta

Helsepersonell vart skotne på frå lufta då dei prøvde å kome seg til ein trygg stad under det amerikanske angrepet mot sjukehuset i Kunduz i Afghanistan 3. oktober, går det fram av granskingsrapporten frå Legar Utan Grenser (MSF).

Utbomba sjukehus i Kunduz i Afghanistan.

30 menneske vart drepne då amerikanske fly gjekk til angrep på eit MSF-sjukehus i Kunduz i Afghanistan 3. oktober.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Minst 30 menneske vart drepne i angrepet, som ifølgje det amerikanske militæret skjedde ved ein feil . Toppsjefen i MSF (Medicins Sans Frontieres), Christopher Stokes, seier at organisasjonen framleis ventar på ei forklaring frå USA om kva som skjedde.

Christopher Stokes er toppsjef i MSF.

Christopher Stokes i MSF la i dag fram rapporten om angrepet mot sjukehuset i Kunduz i Afghanistan 3. oktober.

Foto: Aref Karimi / Afp

I rapporten kjem det fram at fleire helsearbeidarar såg at både kollegaer og pasientar vart skotne på frå lufta då dei prøvde å kome seg ut av sjukehuset.

– I strid med Folkeretten

– Det synest klart at det som skjedde er i klar strid med Krigens folkerett. Det er mange spørsmål som framleis er utan svar, blant anna om kven som tok den endelege avgjerda om å gjennomføre angrepet, sa Stokes då ha la fram rapporten.

Både USA og Nato har varsla at dei granskar hendinga, som skal vere den verste i sitt slag i løpet av dei 14 åra Nato har vore involvert i borgarkrigen i Afghanistan.

Rapporten frå MSF skildrar hjarteskjerande scener. Ein pasient i rullestol vart drepen medan han prøvde å kome seg unna bombinga. I eitt bombenedslag fekk ein helsearbeidar hovudet kappa av. Menneske i brann sprang over sjukehusområdet til dei fall om.

MSF avviser at Taliban skjøt fra sykehus

Sjukehusangrep i Kunduz i Afghanistan.

Ein tilsett i MSF inne i ruinane av sjukehuset etter flyangrepet 3. oktober.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

– Grufull rapport

Styreleiar Bjørn Nissen i Leger Utan Grenser i Noreg kallar skildringane i rapporten for grufulle.

– Frå vår ståstad ser det ut til at dette angrepet vart gjennomført med hensikt å drepe og øydeleggje. Men vi veit ikkje kvifor, seier han.

Fleire afghanske tenestemenn har sagt at Taliban-opprørarar brukte sjukehuset som base, men dette blir blankt avvist av MSF. Organisasjonen seier dei heile tida hadde full kontroll med kven som oppheldt seg på sjukehuset.

Bombing av sykehus

Bombeangrepet gjorde stor skade på fleire bygningar ved sjukehuset.

Foto: MSF

– Fullt opplyst sjukehus

Christopher Stokes seier at sjukehuset var fullt opplyst då angrepet skjedde, og at dei har gitt klar beskjed til både Taliban, afghanske regjeringsstyrkar, Nato og USA at bygningane var eit sjukehus.

30 menneske vart drepne i angrepet, og blant dei var 13 MSF-tilsette og tre born. MSF krev ei uavhengig gransking av angrepet, og meiner at det ikkje er nok at Afghanistan, USA og Nato etterforskar det som skjedde på eiga hand.

SV-leiar Audun Lysbakken har kravd at Noreg må presse på for ei internasjonal gransking, men utanriksminister Børge Brende (H) meiner det ikkje er naudsynt.

– Eg ser fram til å få resultata frå desse tre granskingane og har tillit til desse til saman vil gi eit klart, tilstrekkeleg svar på korleis ei slik tragisk hending kunne skje, seier Brende, ifølgje NTB.

Afghanistan

Kirurgar i arbeid inne på eitt av operasjonsromma ved sjukehuset som ikkje vart øydelagt i angrepet.

Foto: HANDOUT / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt