Hopp til innhold

Framfor denne veggen plasserte han diktatorparet – før dei vart drepne av 90 skot

TÂRGOVISTE (NRK): Teodor Gheorghe fekk den uhyggelege oppgåva med å stille det rumenske diktatorparet Nicolae og Elena Ceaușescu opp mot veggen første juledag 1989. Det tok 30 år før han besøkte rettarstaden igjen.

Teodor Gheorghe foran veggen der Ceausescu vart henretta

Teodor Gheorghe foran veggen der han førte Nicolae og Elena Ceaușescu for 30 år sidan. Kulehola syner framleis. Det vart truleg avfyrt minst 90 skot.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Vi er på veg til militærleiren der den allmektige diktatoren Nicolae Ceaușescu og kona Elena vart avretta.

Den ligg rett ved jernbanestasjonen i byen Târgoviște, som ligg ein og ein halv times køyring frå hovudstaden Bucuresti.

Teodor Gheorghe var blant åtte fallskjermsoldatar som hadde meldt seg frivillig til eit oppdrag som gjaldt den nasjonale tryggleiken. Det var alt dei fekk vite.

Da dei landa med helikopter i bakgarden, fekk dei ei kort orientering om pliktene sine av general Victor Stănculescu, som nyleg hadde blitt utnemnd til forsvarsminister av Ceaușescu.

No skulle generalen organisere rettssaka og avrettinga av sjefen sin.

ROMANIA-HISTORY-CEAUSESCU-JUSTICE-DNA ROMANIA-HISTORY-CEAUSESCU-JUSTICE-DNA

Nicloae og Elena Ceaușescu på tiltalebenken.

Foto: - / Afp

Dømde til døden

Heile verda har sett TV-bilda av Nicolae Ceaușescu som kjeftar på rettstribunalet og kona Elena som ropar desperat i det ho blir ført ut.

Litt over to timar varte den provisoriske rettssaka, som mange i ettertid kallar ei farse. Gheorghe fekk ordre om å hente tau.

Mange vener har fortalt han at dei har sett han binde fast hendene til Nicolae Ceaușescu på fjernsyn, sjølv har han aldri orka å sjå på det.

– Det var ein av desse augneblinkane i livet, vi vel dei ikkje sjølve, men vi må handtere dei og komme over dei, for å behalde det menneskelege i oss, fortel Gheorghe til NRK.

Rettslokalet, dødsdom Ceaușescu.

Rommet der Ceaușescu vart dømt til døden står framleis slik det var i 1989. Militærleiren har no blitt til museum, slik at nye generasjonar kan lære kva det var som skjedde her for 30 år sidan.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Personkulten Ceaușescu

Ceaușescu hadde vore diktator i over 20 år. Han kom til makta midt på 1960-talet og styrte kommuniststaten Romania med jernhand. Rett nok var han til tider populær i Vesten, fordi han talte Moskva midt imot.

rmPqscPePcU

Ceaușescu saman med den amerikanske presidenten Gerald Ford i 1975. Ceaușescu vart populær i vesten da han kritiserte Sovjetunionens invasjon av Tsjekkoslovakia.

Foto: Anonymous

Men mot sitt eige folk var han ein brutal diktator. Han forfølgde dissidentar og minoritetar. Til det fekk han god hjelp av det frykta sikkerheitspolitiet Securitate, som truleg hadde så mange som ein halv million informantar.

Nicolae Ceaușescu bygde ein enorm personkultus rundt seg sjølv og kona Elena. Dei brukte store summar på eigen luksus. Inspirasjonen henta han mellom anna frå Nord-Korea.

Mat og elektrisitet vart rasjonert, for ressursane til staten vart brukt til å betale ned statsgjelda, og å bygge det som er verdas andre største administrative bygning Folkets palass. Framleis er denne kolossen i sentrum av Bucuresti ein byrde på den rumenske økonomien.

lEKCgg8X-HI

Ein bydel vart riven for å få plass til «Folkets palass», som er eit av dei største i sitt slag i verda. Bygningen skulle samle alle institusjonane i staten.

Foto: GERARD FOUET

Blodig revolusjon

Opprøret mot Ceaușescu byrja i den vestrumenske byen Timisoara. Diktatoren svarte med vald, men til ingen nytte.

Vendepunktet kom 21. desember da Ceaușescu skulle halde tale frå balkongen til partihovudkvarteret i hovudstaden Bucuresti.

Tusenvis av menneske var frakta inn med buss og jernbane for å hylle «føraren», som han likte å kalle seg. Men midt under talen byrja folkemassen å pipe. Ein kan tydeleg sjå at Ceaușescu ikkje har kontroll.

d0DKnJsi0Ww

Ceaușescu ber tilhøyrarane roe seg ned frå balkongen av partihovudkvarteret,

Foto: PHILIPPE BOUCHON / Afp

Securitateobersten

Dumitru Burlan var livvaktsjefen til Ceaușescu i 22 år. Han var oberst i Securitate og hadde ansvaret for alle aspekt som kunne true tryggleiken til Ceausescu-paret. Til dømes måtte all mat og drikke bli kontrollert i tilfelle den var forgifta. Ceausescu var redd for å bli drepen av KGB, fortel Burlan.

Vi blir med han inn i bygningen som no husar det rumenske innanriksdepartementet.

– Eg brukte å vere sjefen her, fortel han freidig til ein funksjonær som viser oss vegen ut på balkongen.

Dumitru Burlan

Burlan viser oss bilder frå tida da han var livvaktsjefen til Ceaușescu-familien. Han fungerte også som dobbeltgjengaren til presidenten.

Foto: Felix Stancu / NRK

22. desember flyktar Ceaușescu-paret i helikopter frå taket av partihovudkvarteret. Forsøket på å slå ned opprøret har feila.

Bucuresti 1989

Gatekampar i Bucuresti 24. desember 1989

Foto: JOEL ROBINE / AFP

Til saman vart over 1000 menneske drepne i den rumenske revolusjonen, og nokon måtte stå til ansvar.

– Eg sa til staben min at dette huset har gått til helvete, fortel Burlan.

Sjølv måtte han berre sjå på at folkemassen byrja ramponere kontora til den hata diktatoren.

Utan anger

NRK spør om Burlan har dårleg samvit for å ha vore ein toppleiar i Securitate. Dette var ein organisasjon som dreiv med systematisk tortur og drap. Tallause politiske fangar døydde av straffearbeid.

– Du bør passe dine eigne saker, det er sjarlatanar som har dikta opp desse historiene!

– Ceaușescu var ein stor patriot og det svever ei forbanning over dette landet. Alle dei store leiarane våre har blitt drepne, fortel oberst i Securitate, Dumitru Burlan, til NRK.

Tidl. oberst i Securrtate, Dumitru Burlan.

Det blir sagt mange løgner om Ceaușescu meiner den pensjonerte obersten i Securitate, Dunitru Burlan. Bildet er fra balkongen der Ceaușescu talte til folket.

Foto: Felix Stancu / NRK

– Eg stilte dei opp mot veggen

Tilbake i militærleiren viser Teodor Gheorghe oss bakgarden der han førte ut det dødsdømde ekteparet, medan Ceaușescu ropte:

– Lenge leve den uavhengige sosialistiske republikken Romania, lenge leve den nasjonale suvereniteten og sjølvstendet. Død over forrædarane!

Gheorghe trudde først han skulle føre dei inn i eit helikopter og ta dei med tilbake til hovudstaden. Sjølv i Romania var det ikkje vanleg å avrette folk rett etter ein dødsdom.

Men så fekk han ein direkte ordre om å ta dei med til ein vegg. Først da forstod han kva som skulle skje.

– Rikosjettane hagla

– Eg stilte dei opp mot veggen, så fekk eg beskjed av sjefen min Boieru om å flytte meg til sida. Rikosjettane hagla. Eg hadde flaks som ikkje vart treft, fortel han.

Eksekusjonspeletongen stod på ti meter avstand og skaut med automateld.

Nicolae Ceaușescu song «Internasjonalen» då han vart skoten. Han song så godt han kunne den gamle mannen, fortel Gheorghe.

– Opp, alle jordens bundne trelle! Opp, I som sulten knuget har, var dei siste orda hans.

– Like etter ringde dei frå Bucuresti, eg veit ikkje kven det var. Dei spurde, er de ikkje ferdige snart?

Så blei dei frakta med helikopter til hovudstaden. Gheorghe sat på i same helikopter.

– Da eg kom tilbake til avdelinga mi fortalde eg om det som hadde skjedd. Eg var eit vitne, det var den tida vi levde i.

Nicolae Ceausescu vart avretta første juledag 1989.

Dette bildet av den avretta diktatoren gjekk verda over jula 1989.

Foto: ROMPRES / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt