NRK Meny
Normal

– Noreg bidreg til verdas klimakriser

Noreg som olje- og gassprodusent er delaktige i dei globale klimakrisene, meiner klimaforskar. Han meiner vår nye miljøvernminister må hugse at ho representerer «oljeselskapet Noreg» når ho måndag reiser til klimatoppmøte.

På måndag vender den nye miljøvernministeren nasen mot Warszawa. Tine Sundtoft skal delta på eit av hennar viktigaste møte så langt i livet. For i Polen er målet å kome nærare ein internasjonal avtale som skal bidra til å stanse klimautfordringane verda står overfor.

– Noreg er eit oljeselskap

Framskritta på dei siste toppmøta har vore av varierande grad, og miljørørsla verda over vil no sjå handling frå sine politikarar. Statsråd Sundtoft har tidlegare sagt at ho ønskjer å vere ein brubyggjar under toppmøtet. Men ein av Noregs klimaekspertar meiner Sundtoft må hugse på kven ho representerer.

Bjørn Hallvard Samseth

Bjørn Hallvard Samset er klimaforskar ved Cicero - Senter for klimaforsking

Foto: CICERO

– Ho bør vere klar over Noregs ubehagelege rolle i klimasamanheng. Me er eit klimamedvite land, og nordmenn er også medvitne, men samstundes er me blant dei landa som oppfører oss som eit stort oljeselskap, seier Bjørn Hallvard Samset i Cicero.

– Me pumpar ut mykje olje og gass på den internasjonale marknaden og signaliserer at me også vil halde fram med det. Kor Noreg investerer framtida si, er eit signal som plukkast opp i utlandet, seier Samseth.

CLIMATE-TALKS/ Delegates attend the 19th conference of the United Nations Framework Convention on Climate Change in Warsaw

I Warzsawa er klimatoppmøtet allereie i gang. På måndag kjem miljøvernminister Tine Sundtoft til Polen. Dit har ho med seg ein koffert full av ambisjonar.

Foto: AGENCJA GAZETA / Reuters

Meiner Noreg bidreg til klimakriser

Tine Sundtoft meiner den store oljeformuen gir ho og Noreg eit særskild ansvar, og meiner olje må gjerast om til grøn energi.

– Oljeformuen gir oss eit ansvar om å bidra til ei omstilling mot lågutsleppssamfunnet. Regjeringa ønskjer å vri oljepengar i retning av både kunnskap, forsking, infrastruktur og vekstfremmande skattelettingar som bidreg til grøn verdiskaping, seier Sundtoft.

Men klimaekspert Bjørn Hallvard Samset stoppar ikkje der. Han er klar på at Noreg også har eit stort ansvar for klimautfordringane i verda.

– Meiner du vårt samfunn bidreg til dei klimakrisene me ser i verda?

– Ja, det gjer det i høgaste grad, seier Samset, som samstundes understreker at han som forskar ikkje kan vere hundre prosent sikker på at tyfonar, som er årsaka til katastrofen på Filippinane, vert påverka av menneske.

– I klimaforskinga prøver me å halde oss veldig konservative. Når me seier at noko er menneskeskapt og påverkar klimaet, så er me superfantastiske sikre. Stormar er eit av områda kor me held litt att fordi me ikkje har god nok data på dette endå, seier Samset.

(Saka held fram under biletet)

Tine Sundtoft

Det er ikkje mange vekene sidan Tine Sundtoft tok over stolen til Bård Vegard Solhjell. Den nye miljøvernministeren varslar at ho ikkje vil ta opp der Solhjell slapp, og at Noreg har eit særleg ansvar for å avgrensa klimautsleppa i verda.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Klimakrisa er som ein rullande bil

Men Samset kan vise til ei hypotese som mange forskarar nyttar, som seier at det i framtida vil komme sterkare tyfonar på grunn av at vatnet i havet vert varmare og skapar kraftigare uvêr i enkelte delar av verda.

– Denne tyfonen føyer seg perfekt inn i dette biletet, men som forskarar kan me altså ikkje seie hundre prosent sikkert at det er menneskeskapt. Datagrunnlaget er for dårleg til det.

Samset samanliknar klimakrisa som verda står ovanfor med ein bil som står på toppen av ein nedoverbakke.

– Bilen byrjar sakte men sikkert å rulle, og etter kvart vil den gå fortare og fortare. No er me der at den har starta å rulle litt.

– Er det mogleg å sette på handbrekket?

– Ja, absolutt, men det er ikkje noko koseleg prosess fordi me har blitt så vane til fossile brennstoff. Det finst mange gode idear på korleis ein kan redusere karbonutsleppa, men det viktigaste er at ein vert einige om å starte med noko. Dei som skal forhandle i Polen har trådar å trekke i, men det er ingen som trur det vil bli enkelt, seier Samset.

– Målet er å føre vidare forpliktingar

Og heller ikkje ho som skal leie den norske delegasjonen på klimatoppmøtet trur det vil bli enkelt å finne ei løysing.

– Det er ikkje den norske politikken som er utfordringa. Det som er komplisert er å få forpliktande avtaler slik at alle land bidreg. Vår fordel er at me kan snakke med alle land, seier Sundtoft.

Statsråden seier ho vil ta opp tråden der hennar forgjengar Bård Vegard Solhjell slapp den og vidareføre den politikken førre regjering hadde. Og målet hennar er klart.

– Hovudmålet er å få til eit vedtak om tidsplan og prosess, for å kunne få til utsleppsforpliktingar i klimaavtalen i 2015. Også er det viktig å mobilisere for å følge opp den forpliktinga som ligg frå Københavnmøtet i 2009, om å få 100 milliardar amerikanske dollar årleg innan 2020, seier Sundtoft.

– Filippinane ligg som bakteppe

Fleire norske organisasjonar har sagt at miljøvernministeren må ta med seg pengar til Warszawa, slik at Noreg kan oppfylle sin del av forpliktingane som vart gjort i København i 2009. Sundtoft lovar ikkje noko pengekoffert, men har likevel planar om å få til framgang i Polen.

– Eg dreg til Warszawa med ein koffert med ambisjonar. Det at me vidarefører den norske regnsskogsatsinga fram mot 2020 viser at me er villig til å ta ansvaret vårt og bruke pengar internasjonalt, seier Sundtoft.

– Som norsk miljøvernminister, føler du noko ansvar for å hindre at katastrofar som me ser på Filippinane no skjer igjen?

– Det me ser på Filippinane er alvorleg og Noreg har eit ansvar for å hjelpe. Dette ligg som eit bakteppe for forhandlingane der me må jobbe for å redusere klimagassutsleppa.

Klimatoppmøtet er allereie i gang, og ut i neste veke vil ministrar og statsleiarar frå heile verda vere samla. Kva utfallet av toppmøtet blir er det ingen som veit, men ambisjonane er å vidareføre arbeidet som vart gjort på dei førre toppmøta i København, Cancun, Durban og Doha dei siste åra, og få på plass ein bindande internasjonal klimaavtale.

Den filippinske klimautsendingen holdt ei tårevåt tale på møtet i warsawa der han vil sultestreike for å få framgang i klimaforhandlingene.

Filippinane sin representant haldt ein gråtkvalt tale til klimamøtet i Warszawa tidlegare denne veka

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt