Hopp til innhold

– Noreg er aktivistar mot dødsstraff

Jakarta (NRK): Ho kom til Indonesia og kravde stans i all bruk av dødsstraff, utan at så mykje vart endra. Men Erna Solberg meiner løysinga på problemet ligg hos det indonesiske folk.

Erna Solberg snakkar med pressen i Jakarta

Mange journalistar ville ha eit ord med Erna Solberg etter at ho i dag hadde snakka med Indonesias president Joko Widodo. Solberg tok mellom anna opp spørsmålet om dødsstraff.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg er på rundreise i Asia, og starta i Indonesia, kor ho i dag møtte president Joko Widodo. Eit av tema Solberg ville snakke om var dødsstraff, noko Noreg er prinsipielle motstandarar av, ifølgje statsministeren.

– Me er aktivistar mot dødsstraff, uansett kva land det gjeld. Og eg tok dette direkte opp med Indonesias president, seier Solberg.

Tok opp att dødsstraffpraksis i 2013

Under praten med president Widodo skal Solberg ha bedd ei særskild bøn om å utsette eller oppheve dei avrettingsplanane som Indonesia har i nær framtid.

Indonesia starta opp att med avrettingar i 2013, og seinast i januar vart seks personar avretta ved hjelp av skyting.

INDONESIA AUSTRALIA DRUG TRIAL

Renae Lawrence (frå høgre), Michael Czugaj, Matthew Norman og Si Yi Chen er fire av dei ni som har vore fengsla sidan 2005, og som er dømde til døden for narkotikakriminalitet.

Foto: FIRDIA LISNAWATI / Ap

For tida er det minst elleve personar som sit med ein dødsdom over seg etter å ha blitt dømde for narkotikasmugling, og dei kan når som helst bli avretta av indonesiske styresmakter.

Problem med narkotikakriminalitet

Fleire land har vore kritiske til Indonesias dødsstraffpraksis, og no stiller også Solberg seg i rekka av kritiske statsleiarar. Men noko endring i praksisen klarte ho ikkje umiddelbart å få til.

– Den type påpeikingar som me har kome med er meir ein del av det totale trykket overfor indonesiske styresmakter, enn at dei gjer ein respons der og då, seier Solberg.

Ifølgje Indonesia har dei starta opp at praksisen med dødsstraff på grunn av dei store problema som landet har med narkotikasmugling.

Statsminister Erna Solberg helsar på president i Indonesia Jodo Widodo

President i Indonesia Jodo Widodo tok mot statsminiser Erna Solberg då ho kom til Jakarta i dag.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Må fokusere på sivilsamfunnet

Ho trur uansett løysinga er å finne blant det indonesiske folk, og at det er vel så viktig at Noregs fokus er på sivilsamfunnet.

– Det som endrar denne type spørsmål er at veljarane i Indonesia ikkje vert tilhengjarar av dødsstraff. Utfordringa i dag er at det er stor støtte til denne praksisen. Det betyr at det å jobbe med sivilsamfunnet er vel så viktig, fordi politikarar reagerer ofte på det som er folkets ønskje, seier Solberg.

Statsministeren meiner det norske sivilsamfunnet kan bidra til ein slik påverknad gjennom sine samarbeidsorganisasjonar i Indonesia.

SISTE NYTT

Siste nytt