NRK Meny
Normal

– Lika i vraket held rundt kvarandre

LAMPEDUSA: (NRK.no): – Lika inni båtvraket held rundt kvarandre. Når dykkarane prøver å få ut eit lik, så følger fleire med, fortel redningmannskap til NRK. Inni båtvraket ligg det så mange lik at det er umogleg for dykkarane å fastslå talet på døydde.

Båtflyktninger kommer i land på Lampedusa

Redningsarbeidarar løftar i land ein likpose. Dykkarane som jobbar med å få lika ut av vraket fortel om menneskelik som er vanskelege å få opp fordi dei døydde har halde rundt kvarandre då skipet gjekk ned.

Foto: Danilo Taralli / Ap

Det siste døgnet har vore skrekkeleg for dykkarane som hentar opp menneskelik frå sjøen utanfor middelhavsøya Lampedusa. Synet som møter dei i båtvraket 40 meter under vasskorpa er grufullt.

– Inni vraket ligg det så mange menneske at det er umogleg å få ut alle. Når me drar i ein person for å få han ut av vraket, så følger fleire med. Dei omkomne har haldt rundt kvarandre i nauden, fortel ein av redningsarbeidarane til NRK.

– Når du redda ein, døydde andre rundt deg

Førebels er 111 personar stadfesta omkomne, medan 150 er redda opp frå vatnet. Kor mange personar som framleis er sakna er uvisst. Ein av dei som prøvde å redde opp menneska då dei framleis var i live er fiskaren Domenico Colapintore. Han sit att med særs sterke minne frå redningsforsøka.

Domenico Colapintore

Domenico Colapintore øydela armen etter han forsøkte å redde ei gravid kvinne opp frå vatnet. Han fortel om ei grufull oppleving då båten med flyktningar gjekk ned utanfor Lampedusa.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

– Det var så mange i vatnet som ropte om hjelp, og eg forsøkte å dra dei om bord i båten min. Men dei var glatte av diesel og dei var iskalde. Alle barna i vatnet var nakne. Eg øydela armen min då eg prøvde å redde ei kvinne opp i båten. Ho var så tung fordi ho var gravid, fortel Colapintore.

Han fortel vidare at då han forsøkte å redde den gravide kvinna opp, så var det andre som strekte sine hender i vêret og ropte om hjelp. Og når dei strekte armane i vêret så sank dei ned i havet.

– Når du forsøkte å redde ein, så døydde andre rundt deg, seier fiskaren, som klarte å få med seg 18 menneske i båten i løpet av ein time. Ein av dei var frå Syria og fortalde at dei var 450 menneske om bord.

(Saka held fram under videoen)

Flyktninger druknet i Italia

Langt over 100 flyktningar drukna utanfor Lampedusa i Italia

– Prøver å sjå på det som ein jobb

Lik av flyktningar ligg framleis i vatnet utanfor den vesle italienske øya. Båtvraket er så full av menneskelik at det er umogleg for dykkarane å seie kor mange det kan vere. No er dykkarar frå heile Italia bedt om å kome til Lampedusa for å hjelpe til.

For dykkarane er det ei brutal påkjenning. Dei prøver å sjå på det som ein jobb, men dette er ein jobb dei aldri har vore borti før. Dykkarane fortel atd et er umogleg å sjå kva kjønn lika har. Alt dei er opptekne av er å få lika ut av vraket.

– Folk her er vane med det

Dykkarane fortel om opplevingane sine på ein nøktern måte, utan å vise kjensler, men det er samstundes tydeleg at synet som har møtt dei 40 meter under vassflata er vanskeleg å fordøye. Mange har tatt turen til hamna på Lampedusa og speidar utover mot skipet som ligg i vatnet ovanfor skipsvraket.

Stemninga på øye er roleg. Folket her er vane med situasjonar som dette. Øya som ei gong var eit paradis for rike italienarar, har dei siste blitt sterkt påverka av dei mange immigrantane som kjem frå Nord-Afrika, og no også Syria.

Ved den vesle flyplassen på Lampedusa er hangaren omgjort til eit likhus, og lukta av menneskelik som rotnar ligg over området. Det finst ikkje mange nok kjølerom til å romme dei mange lika som etter kvart har kome i land på Lampedusa. Og fleire lik vil det sannsynlegvis medan redningsarbeidet held fram.

Hangaren som ble til likhus

Hangaren ved flyplassen på Lampedusa er omgjort til eit likhus. Lukta av lik som rotnar ligg over staden.

Foto: Åse Marit Befring / NRK
Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt