Hopp til innhold

– Havet blir ein kyrkjegard for flyktningar

Amnesty ber folk opna opp augo etter at minst 130 afrikanske flyktningar omkom i eit båtforlis utanfor Italia torsdag. Mange flyktningar på veg mot Europa blir slukte av havet utan at verda får kjennskap til det.

Overlevende etter båtforlis ved Lampedusa, Italia

Overlevande blir tekne hand om etter båtforliset ved Lampedusa, Italia. Mange flyktningar døyr i forsøket på å ta seg til Europa, utan at verda får kjennskap til det, ifølgje Amnesty.

Foto: Nino Randazzo / Ap

Fredag blir nasjonal sørgjedag i Italia etter nok ein båttragedie med flyktningar nær den italienske øya Lampedusa, som ligg mellom Sicilia og Tunisia.

Om lag 130 menneske er så langt stadfesta omkomne, medan 150 personar vart redda av den italienske kystvakta. 200 er framleis sakna.

Talet på døde stig framleis, etterkvart som dykkarar finn omkomne under og inne i båtvraket på 40 meters djupne.

– Havet blir ein kyrkjegard for flyktningar, seier Beate Ekeløve-Slydal, politisk rådgjevar i Amnesty Noreg.

Store mørketal

Beate Ekeløve-Slydal

Beate Ekeløve-Slydal er politisk rådgjevar i Amnesty Noreg.

Foto: Kristin Buick Rødland / Amnesty

Slydal referer til dei store mørketala når det gjeld talet på desperate afrikanske flyktningar som døyr under den farlege ferda over havet mot Europa.

Tusenar av båtflyktningar tek seg over til Italia kvart einaste år, og i sommarhalvåret kjem det nesten dagleg båtar frå Nord-Afrika. Men langt ifrå alle kjem så langt.

Mange av tragediane som skjer ute på ope hav kjem aldri resten av verda til kjenne.

– Det er elendige båtar, ofte rustne holkar, med altfor mange menneske i forhold til det dei har kapasitet til. Gjennom heile året skjer dette utanfor kysten av Italia, Spania og vestkysten av Tyrkia. Dei faktiske tala veit me ikkje, ingen har oversikt over kor mange som er om bord i båtane, fortel Slydal i Amnesty.

Fleritalet som legg ut på denne farlege ferda veit kva for ein risiko det medfører.

– Det viser kor desperate dessse menneska er. Det livet dei har er enten så farleg og undertrykkande at dei ikkje kan sjå for seg noko verre, påpeikar Amnesty-rådgjevaren.

Italia ber Europa om hjelp

Seinast måndag drukna 13 flyktningar då ein annan båt grunnstøytte utanfor den sicilianske kysten. Det skal ha vore mellom 150 og 200 menneske om bord, dei fleste frå Eritrea.

Dei om lag 500 flyktningane som var om bord på det overlessa fartyet då det kantra og sokk i havet torsdag, var hovudsakleg frå Somalia og Eritrea.

FNs høgkommissær for flyktningar seier at han er sjokkert og forferda over det tragiske forliset.

– Eg er forferda over det globale fenomenet at personar som flyktar frå konflikt eller forfølging, døyr på havet, seier høgkommissær Antonio Guterres i ei utsegn.

Italia ber no resten av Europa om hjelp for å få stansa den massive og farefulle flyktningstraumen frå afrikanske land.

– Dette er ein europeisk tragedie, ikkje berre ein italiensk, seier visestatsminister Angelino Alfano.

(Artikkelen held fram under videoen)

Flyktninger druknet i Italia

Det er så langt få kvinner og ingen born blant dei overlevande flyktningane etter forliset torsdag.

Vil vekk frå vald og undertrykking

Sterk uro og ustabilitet i Somalia og Eritrea er hovudårsaka til at så mange frå desse landa vel å risikera liva sine for å koma seg vekk frå heimlandet, ifølgje Amnesty.

– Eritrea er dessutan eitt av dei mest lukka landa i verda, med ei ekstrem undertrykking av folkesetnaden. Ytrings- og forsamlingsfridom eksisterer til dømes ikkje der. Mange av dei som flyktar er reelle flyktningar og vil ha rett på asyl, til dømes i eit land som Noreg, fortel Ekeløve-Slydal i Amnesty.

Båten som kantra torsdag skal først ha fått eit motorhavari. Passasjerane forsøkte å varsla forbipasserande båtar ved å tenna eit bål, men båten tok fyr og det braut ut full panikk dei 500 om bord.

Ein ung tunisisk mann som var om bord på båten er arrestert etter å ha blitt utpeika av dei overlevande. Han er mistenkt for å stå bak mennesmugling. Italienske styresmakter har opna etterforsking og vurderer å sikta mannen for massedrap.

SISTE NYTT

Siste nytt