Hopp til innhold

– Europa svikter Syria

Meir enn 2,3 millionar flyktningar har flykta frå Syria, men berre ein halv prosent av desse har fått opphald i Europa. – Europeiske leiarar bør bøye hovuda i skam, seier Amnesty.

YEAR2013-SYRIA-CONFLICT-REFUGEE-MIGRATION

Meir enn 2,3 millionar menneske har flykta frå heimlandet, og 95 prosent av dei bur i nabolanda. Berre ein halv prosent har fått lov til å bu i Europa. – Skammeleg, meiner Amnesty.

Foto: FRANCISCO LEONG / Afp

LEBANON-SYRIA-CONFLICT-REFUGEES-WEATHER

52 prosent av alle registrerte syriske flyktningar er barn.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / Afp
Jon Peder Egenæs

– Me er i ein heilt ekstrem situasjon. Det er ei plikt å hjelpe menneske i denne situasjonen, seier generalsekretær i Amnesty, John Peder Egenæs, som meiner Europa bør opne grensene meir for syriske flyktningar.

Foto: Gunnar Grønlund / NRK

– Europeiske leiarar har gitt løfte til altfor få flyktningar om at dei kan komme til Europa og finne tryggleik. FN sin høgkommisjonær for flyktningar ber om at dei mest sårbare flyktningane vert redda ut, men berre nokre få land har lova å hente noko, og dei hentar alt for få, seier generalsekretær i Amnesty Noreg, John Peder Egenæs.

– Europa stenger grensene effektivt

Amnesty syner til tal frå FN som viser at 6,5 millionar menneske har flykta frå heimane sine. 2,3 millionar av desse er registrerte som flyktningar utanfor Syria, og over fire millionar er internt fordrivne. Over halvparten av flyktningane som FN sin høgkommisjonær for flyktningar har registrert er barn.

– Det snør og det haglar i Syria no, og situasjonen vert berre verre og verre for desse flyktningane, og slik FN ser det så er dette den verste flyktningkatastrofen sidan folkemordet i Rwanda på midten av 90-talet, seier Egenæs.

Amnesty meiner det er feil at europeiske land ikkje ei gong lar folk krysse grensa inn til kontinentet.

– Europa stenger ganske effektivt grensene for dei som klarer å kome hit av seg sjølv. Det er ein menneskerett å søke asyl, men Europa gjer sitt beste for at ingen skal klare å kome inn i Europa i det heile tatt, seier Egenæs.

– Noreg må leggje press på andre land

Generalsekretæren trur pengar kan vere årsaka til at så få land ønskjer å ta mot mange flyktningar, samt ein ønska politikk som tilseier at ein ikkje ønskjer å ha flyktningar frå utanfor Europa i landa sine.

Amnesty viser til at heile 95 prosent av dei mange syriske flyktningane bur i nabolanda Libanon, Jordan, Tyrkia, Irak og Egypt. Til samanlikning har berre ti EU-land opna for å ta mot flyktningar frå Syria. Noreg har på si side sagt ja til å ta mot tusen flyktningar, men Amnesty meiner Noreg burde gjere endå meir.

– Me er eit av dei rikaste landet i verda, me har eit lågt folketal, og ein skulle tru at me kunne hente meir enn dei tusen. Men det er også viktig å seie at Noreg må legge press på dei andre landa. Me meiner at me kunne hente fleire hit, og ved å gjere det kunne me også lagt press på andre land, som til dømes Storbritannia som ikkje har lova å hente ut nokon, seier Egenæs.

– Må handle – ikkje berre snakke

Han meiner også at det må skje handling og ikkje berre prat.

– Me må også gjere noko. Så vidt meg kjent er det ikkje gjort noko for å hente dei 1.000 flyktningane som me har lova plass til. Det hjelper lite å love opphald til 1.000 menneske om ein ikkje hentar 1.000 menneske, og gjer det fort, seier Egenæs.

– I Europa har me finanskrise og det er høg arbeidsløyse, skal ikkje europeiske leiarar få lov til å seie nei?

– Nei, eg synest ikkje det. Det er ein heilt ekstrem situasjon i Syria. Det er ei plikt å hjelpe menneske i denne situasjonen, konkluderer Egenæs.

SISTE NYTT

Siste nytt