Hopp til innhold

Kerry: – Beste sjansen for fred i Syria

Ein Syria-konferanse i januar er den beste sjansen til fred, seier USAs utanriksminister John Kerry, etter at det i dag vart funne nok ein ny dato for den syriske fredskonferansen i Genève som stadig vert utsett.

UN Ad Hoc Liasion Committee Ban Ki-moon John Kerry

Det såg ut ¨til å vere god stemning mellom FNs generalsekretær, Ban Ki-Moon, og USAs utanriksminister, John Kerry, då dei snakka saman under FN-toppmøtet i september. No vil dei også ha partane i Syriakrigen med i samtalane. Håpet er at det skal skje i januar.

Foto: DAVID KARP / Ap

Den 22. januar er dagen då partane i Syria-konflikten skal møtast i Genève. Det er i det minste planen. Fredskonferansen skulle først finne stad i sommar, men vart deretter utsett fleire gonger. Det har vore mange usemjer rundt kven som skal representere opposisjonen i Syria. I dag kom det altså nok ein ny dato.

– Ein syrisk fredskonferanse er den beste sjansen til å danne ei overgangsregjering slik at den syriske konflikten kan ta slutt, men ingen må undervurdere det vanskelege som ligg framfor oss, sa John Kerry ifølgje Reuters, etter at den nye møtedatoen vart kjent i dag.

Den syriske borgarkrigen har til no tatt livet av meir enn 100.000 menneske, og mange millionar er på flukt. Det som starta som ein borgarkrig mellom styresmakter og opprørarar har utvikla seg til å bli ein av dei verste krigane i nyare historie, med mange krigande grupper, og eit uoversiktleg lappeteppe med konfliktlinjer.

Vil finne ut kven som skal inviterast

FN, USA og Russland har lenge jobba saman for å få på plass ein fredskonferanse, der representantar for opprørarane og styresmaktene kan sitte saman, kome til ei einigheit, og finne ein slutt på krigen.

– Me vil halde fram med å jobbe med dei resterande problemstillinga saman med FN og våre alliansepartnarar, deriblant kva land som skal inviterast og kva agendaen for møtet skal vere, sa Kerry ifølgje Reuters.

Tidlegare har USA sett foten ned for at Iran skal kunne bli med møta. Iran har lenge støtta president Bashar al-Assads regime, og USA har gjort det klart at dei ønskjer at Iran støtter ein politisk overgangsperiode i Syria.

Vanskeleg nok å få partane til Sveits

– Genève-konferansen er køyretøyet som kan skape ein fredfull overgangsperiode som oppfyller det legitime målet om fred og verdigheit for det syriske folk, sa Ban Ki-Moon då han annonserte den nye datoen i dag.

Han gjorde det også klart at målet for samtalane var umiddelbar stans i valden og etableringa av ein felles einigheit om ei overgangsregjering som sit med den fulle statsmakta, inkludert makta over landets militære og tryggingsstyrkar.

Også president i Russland, Vladimir Putin og pave Frans uttalte seg om konflikta i Syria, etter at dei hadde diskutert situasjonen under Putin sitt Vatikanbesøk. Dei vart einige i at dei ulike etniske og religiøse gruppene i Syria må innsjå kva viktig rolle dei spelar i det syriske samfunnet, og difor bidra til ei fredeleg løysing.

Men å få partane til å kome til Genéve i det heile teke er vanskeleg nok. Den frie syriske armé har tidlegare skulda verdssamfunnet for å ikkje lage eit godt nok forhandlingsklima, men opposisjonen har likevel godt med på å bli med på forhandlingane, om berre enkelte krav møtest.

Stiller krav om dei skal delta

Hjelpeorganisasjonar må få fri tilgang inn i Syria, og alle arresterte, særskild kvinner og barn, må få gå fri, var blant krava opposisjonen stilte for å bli med på Genève-forhandlingane. Like viktig var det at president al-Assad ikkje skulle spele noko som helst rolle i overgangsperioden.

Den syriske regjeringa har på si side gått med på å vere med i forhandlingane, men berre om presidentens avgang ikkje vert eit tema. Ikkje vil dei forhandle med det dei kallar for «terroristgrupper», heller, noko som omfattar det meste av det som kan kallast opposisjon i Syria.

Dei siste vekene har krigen halde fram i Syria. Det er særskild rundt hovudstaden Damaskus at kampane no står. Seinast i dag vart det meldt om mange omkomne frå begge sidene av konflikten etter kampar utføre Damaskus.

SISTE NYTT

Siste nytt