NRK møter den lokale borgarmeister Janez Fajfar på kontoret, med utsikt mot innsjøen i Bled.
Han fortel at landsbyen har hatt storfint besøk i mange hundre år.
På ein hotellvegg eit steinkast unna heng eit fotografi av Donald Trump og hans slovenske kone Melania, frå eit besøk i 2004.
PRESIDENTPARET PÅ BESØK: I 2004 kom Donald Trump til Bled saman med si slovenske kone Melania.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKBorgarmeisteren møtte aldri Trump, men fortel han har ei god historie om ein annan kjend amerikanar.
Fajfar fortel at da det var krig i Jugoslavia budde CIA, FBI og offiserar og internasjonale diplomatar i Bled. Dei flaug til Bosnia om dagen, og kom tilbake her for å sove.
– Lewinsky fekk det dårlegaste rommet
Så ein dag kom ein amerikansk delegasjon med forsvarsminister William Perry på besøk. I denne delegasjonen var også Monica Lewinsky.
– Vi var ikkje klar over «statusen» hennar enno, så ho var på botnen av VIP lista, fortel borgarmeisteren.
LES: Lewinsky: - Nettmobbing er som et slag i magen
– Eg dreiv Titos gamle villa på den tida, som no var gjort om til hotell, og innkvarterte Lewinsky på det «verste» rommet. Det rett over kjøkenet, som hadde ein høgrøysta kjøkkensjef!
PRAKTIKANT: Monica Lewinsky var 22 år da ho fekk jobb i Det kvite hus, og innleia etter kvart eit forhold til sin sjef, president Bill Clinton. Skandalen vart kjend i kjent i 1998.
Foto: AP– Du kan tru eg fekk sjokk, da eg oppdaga at ho var veldig berømt, og at ho eigentleg skulle ha fått eit betre rom, fortel Fajfar!
Men i driftige Bled er dei flinke til å snu slike tabbar til sin fordel, for no vart plutseleg dette upopulære rommet svært så ettertrakta.
– Alle ville bu på Lewinsky-rommet!
EKSOTISK BARNDOM: Vi såg Haile Selassie, Nasser og Gandhi, fortel borgarmeisteren. Vi krangla om å gje Selassie blomar, for han gav alltid vekk ein gullmynt.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKFør fekk Fajfar kjeft fordi VIP-gjestane følte seg trakka på når dei vart tildelt det dårlegaste rommet.
Men no var det Monica Lewinsky-rommet, og da vart situasjonen snudd opp ned.
–Det vart rift om å bu der! Og eg bladde villig opp i gjesteboka for å beviste at ho faktisk hadde sove der!
Vila Bled er framleis eit dyrt men populært konferansehotell.
VAKKERT: Bledinnsjøen har ei øy med ei kyrkje. Her gøymde kvinnene i landsbyen ein gullskatt, da Napoleons hær invaderte. Framleis er kvinnene i Bled rekna som svært handlekraftige, fortel borgarmeister Fajfar.
Foto: HRVOJE POLAN / AFPDiplomati, men også business
I Jugoslaviatida var det her president Tito tok imot dei internasjonale leiarane. Haile Selassie, Ghandi, Nasser og Krutsjov, for å nemne nokre.
TITOS LEIKEPLASS: Jugoslavias president Josip Broz Tito tok ofte internasjonale leiarar til Bled. Her vart det diskutert storpolitikk. På bakrommet gjorde jugoslavane business.
Foto: Wikipedia creative commonsPå kammerset vart det gjort lukrative handelsavtalar. Jugoslaviske entreprenørar fekk bygge vegar, kraftverk og praktbygg i Midt Austen og i Afrika.
Og det var her britane kom for å selje våpen under Irak-Iran krigen på 80 talet.
– Vi hadde ein irakisk og ein iransk minister i kvar sin villa, berre nokre kilometer frå kvarandre. Og britane selde våpen til begge to samtidig, fortel Fajfar.
– Dette veit vi, for vi bur jo her, fortel han.
KALD KRIG OG SJAKK: Paul Keres frå Sovjetunionen spelte sjakk mot amerikanske Bobby Fischer i Bled i 1959.
Foto: ApArena for dialog
– Bled har ei avslappa atmosfære, så ein kan diskutere i ro og fred,
så kanskje vi bidreg til ei betre verd?
Borgarmeisteren avbryt seg sjølv. Det var kanskje litt for store tankar, filosoferer han.
– Du høyrde sikkert han russaren seie at dei ikkje har råd til å ha fiendar,
og dette er ein flott arena for å finne nye vener.
– Og viss kassaapparatet syng samtidig, kvifor ikkje?