Hopp til innhold

Her ligg restane av Jugoslavia

Som kulturskattane frå Romerriket og oldtidas Egypt, er minna frå Jugoslavia relikviar frå eit land som ikkje lenger eksisterer.

NRK fekk kome inn i lageret til det jugoslaviske museet i Beograd.

Museet for Jugoslavias historie etterfølgjer to berømte institusjoner, Titos minnesenter og revolusjonsmuseet. Anlegget omfatter ein byggmasse på over 5000 kvadratmeter i ein gigantisk park.

Sjølve museet har over 2000 gjenstander som illustrerer Jugoslavias historie. Mest omtalt er dei over 15.000 batongene som landsfader Josip Broz Titosamla på.

Alle gjenstandane fortel historia om både veksten og fallet til Jugoslavia.

Museet var stengt i over ti år på grunn av borgerkrigen, men opna igjen i 1996. Mange av kulturskattane gjekk tapt da Titos residens vart bombet av NATO, det meste frå Titos minnesenter er stua saman på lageret.

Her ligg gåver som aldri før har vore utstilt. Prangande vasar frå austerlandske kongar, stablar med kunst og underlege pyntegjenstandar.

Norsk orden

På eit av borda ligg storkorset av St. Olavs orden med kjede.

– Kong Olav gav Noregs høgste utmerkinga til Tito i 1964. Vanlegvis krev det norske kongehuset medaljen i retur når eigaren døyr. Men Jugoslavia fekk behalde den, fortel Kurator Ivan Manojlovic til NRK.

– Årsaka er at Noreg og Jugoslavia hadde eit spesielt forhold. Begge land hadde modige motstandsmenn under andre verdskrigen. Motet til den norske motstandsrørsla er framleis noko folk snakkar om her i Serbia.

På eit bord står ein støvete plakett. Tre små svarte steinar er laminert inn i treverket. «Til det jugoslaviske folket frå president Richard Nixon» står det å lese.

– Dette er steinar frå månen. NASA veit at vi har dei, fortel Ivan Manojlovic, som legg til at det verserer falske rykter om at dei hadde selt steinane på eBay.

– Vi har ikkje selt månesteinar på nettet, forsikrar han.

Under steinane er det laminert inn eit lite jugoslavisk flagg.

– Dette flagget har vore på månen. Apollo 11 tok med seg flagget til ære for Tito.

Tito mellom aust og vest

Tito var ein ruvande skikkelse i det tjuande århundre. Svært karismatisk, glad i kvinner og mat. Han regjerte over eit land som balanserte mellom supermaktene. Han braut med Stalin og erklærte at Jugoslavia var nøytralt.

Soleis vart det viktig å vere sjølvforsynt med våpen i tilfelle krig. Stalin kunne når som helst hemne seg med invasjon. Ein stor og sofistikert våpenindustri vart bygd opp, noko skattkammeret ber preg av.

Her er det store mengder militære prototypar, modellar i plast av jagarfly og skip. Jugoslavia hadde jernvarene som skulle til, i tilfelle Stalin prøvde seg.

– Mykje av det du ser her inne er prototypar, seier Manojlovic.

– For kvar ny ting som vart produsert, sende fabrikken stolt ein prototype til Tito.

Men ikkje alt er militært.Her er prototypar for all slags industri eit moderne land treng. Tannlegeforeininga sende til dømes ein modell av eit gebiss. Og frå legeforeininga ligg det som mest liknar torturreiskap, men som kuratoren forsikrar er heilt vanlege skalpellar og tenger. Topp kvalitet, sjølvsagt.

I tillegg er det hyllemeter med merkelege elektriske innretningar som heilt sikkert var rekna som høgteknologiske under for 50 år sidan.

– Tito drøymde om eit sterkt land, eit land med helsetenester, innlagt vatn og elektrisitet. Han lova folket velstand. Kvar prototype vart rekna som eit steg nærare den draumen.

På eitt av borda ligg det også brune nylonstrømper, med helsing frå kvinneforeininga ved ein fabrikk som spesialiserte seg på tekstilar for kvinner.

– Likestilling var ein viktig del av Titos modernisering. Kvinner skulle ikkje berre stå bak kjøkkenbenken og passe ungane. Dei skulle i arbeid, og kvinner skulle ha lik løn for likt arbeid.

Draumen og landet som sprakk

I ein krok står ein gulna boks. Det endelege provet på at Jugoslavia snart kunne reise til månen utan hjelp frå Nixon. For dette var Jugoslavias første eigenproduserte datamaskin! Til og med dei digre 80-tals pappdiskettane, er «Made in Jugoslavija».

Men ikkje alt som ligg og sleng i dette skattkammeret er prangande utmerkingar frå statsleiarar og skrytemodellar frå stolte fabrikksjefar. Her finst det naive teikningar frå born og heimelaga broderi frå gamle bestemødre.

– Vanlege borgarar i Jugoslavia sende, av grunnar vi berre kan spekulere i, ting dei hadde laga sjølv.

Ein skulle nesten tru ved å sjå alle gåvene at Titos draum var ustoppeleg. At han ville lukkast med å samle det sørslaviske folket i eitt sterkt og moderne land.

Men med Tito døydde også draumen om Jugoslavia.

– Det har aldri vore fleire statsmenn i lufta samstundes som då Tito skulle gravleggjast, fortel Majnolovic.

Etter kvart kom den kyniske politikaren Slobodan Milosevic til makta. Med sin øydeleggande nasjonalisme, reiv han Jugoslavia i fillebitar.

– Milosevic flytta inn i residensen til Tito. Inntil då hadde den vore museum. Folk frå heile Jugoslavia strøymde til for å vise respekt for han som bygde landet. Men Milosevic bygde ein mur rundt residensen og stengde den for besøk, seier guiden.

Symbolsk nok bomba NATO residensen under krigen mot Serbia.

Og restane av Titos liv ligg no i ei pappkasse. Ei flaske aftershave av merke Tabac, ein kam og ei adressebok. Kanskje den mest intime delen av dødsbuet Jugoslavia.

Det er ingen tvil om at museet kunne trenge ein runde med målarkosten, og kanskje eit klimaanlegg som hindrar at muggsoppen treng inn i desse kulturskattane.

Kurator Ivan Manojlovic prøver no å samle inn pengar til drifta, men det går treigt.

– Vi har invitert ekspertar frå heile det tidlegare Jugoslavia, for no er det berre serbiske forskarar her. Det blir heilt feil. Vi ynskjer å inkludere heile det tidlegare Jugoslavia i arbeidet vårt.

Men det er mange sterke følelsar i sving. Borgarkrigen er framleis friskt i minne, og samarbeid er vanskeleg.

Og formelt er det ingen som lenger eig gåvene til Tito. Det gjenstår å sjå kven som skal forvalte dei i framtida.

SISTE NYTT

Siste nytt