1800 menneske arbeider på spreng for å rydde opp i oljesølet på Galicia-kysten i Spania. (Foto: Miguel Vidal, Reuters)
Hittil har det store oljeflaket halde seg ute på havet, men slik verforholda er no ventar spanske styresmakter at oljeflaket kjem inn på strendene i løpet av dagen. Det dårlege veret har gjort at oljevernfartya ikkje klarer å hindre oljen å nå land.
Sjå bileta frå den forureina kysten
"Far Scout" deltek i oljevernarbeidet . (Farstad Shipping)
"Far Scout"
Oljevernfartya på kysten av Galicia, der også eit norsk skip deltek, har greidd å samle opp rundt 3000 tonn olje frå tidlegare flak frå "Prestige".
Ved sidan av det norske oljevernskipet "Far Scout" deltek også den norske slepebåten "Boa Siw", i tillegg til to farty frå Frankrike, to frå Nederland, eitt frå Storbritannia og eitt frå Belgia i arbeidet med å hindre oljen i å nå land.
Slepebåten "Siw Boa" deltek også i oljevernoperasjonen på Galicia-kysten (Foto: Boa Offshore)
Noreg har også sendet 400 meter med havgåande oljelenser og oljeopptakarutstyr.
Per Gustav Steimler om bord i "Far Scout" er ansvarleg for den norske delen av oljevernoperasjonen. Han opplyser at veret no er i betring, og at dei har håp om å kome i gang med arbeidet i løpet av ettermiddagen. Dei har ikkje sett noko til det store oljeflaket, seier han, men i det området dei norske fartya ligg er det fleire mindre oljeflak.
Over 100 strender er dekka av svart olje, fleire tusen sjøfugl er døde og det alt fiske på kysten er forbode langs ei strekning på 400 kilometer.
Rundt 1800 personar, blant dei mange frivillige, deltek i arbeidet med å reinske strendene i Galicia for olje. Lokale fiskarar har prøvd å verne oppdrettsanlegg for muslingar ved å pakke anlegga inn i plast.
Det er uklart kor store mengder olje som har leke ut frå "Prestige" etter havariet 19.november, men ekspertar reknar med at det er snakk om fleire titals tusen tonn.
Lokale fiskarar og frivillige i Galicia i ferd med å leggje ut oljelenser. (Foto: Miguel Vidal, Reuters)
250 kilometer
Kystområdet som no er truga av olje strekkjer seg frå byen La Coruna i nord og til Kapp Finisterre rundt 250 kilometer lenger sør. Dette er rekna for å vere det viktigaste området for oppdrett av muslingar i Spania. 28.000 menneske har hovudnæringa frå sjøen i dette området. No er dei fleste fiskarane i området arbeidsledige.
Kong Juan Carlos og statsminister Jose Maria Aznar har planar om å vitje området i morgon. Seinare i dag er det planlagt ein demonstrasjon i regionhovudstaden Santiago de Compostela mot styresmaktene si handtering av oljeutsleppet. Miljøverngrupper og opposisjonsparti krev at Galicia skal erklærast som katastrofeområde.