Hopp til innhold

80-talets «Elon Musk» er død

Køyrer du Ford Mustang eller Ford Escort kan du takke Lee Iacocca. På 80-talet vart han superkjendis på linje med Tesla-eier Elon Musk, da han berga Chrysler frå konkurs.

Lee Iaccoca og Ford Mustang

FORD MUSTANG: Lee Iacocca poserer framfor ein Ford Mustang. Modellen vart ein enorm salssuksess.

Foto: Wikimedia commons

– Dei første 18 månadane selde vi ein million Ford Mustang, det var den største bestseljaren til Ford sidan T-Forden frå 1920-talet, fortalde Lee Iacocca i eit intervju med Automotive News i 2014.

«Hestebilen» frå 1964 gjorde den italienske innvandrarsonen til ein guru i den amerikanske bilindustrien, sjølv om han seinare fekk sparken av Ford-familien.

Mustangen trefte ein nerve i USA, og er framleis eit symbol på «alt det amerikanske.» Hollywood trykka bilen til sitt bryst i filmar som The Fast and Furious, James Bond og Basic Instinct.

SJÅ: Biljakt med Ford Mustang Mach 1

Men det som gjorde Iacocca til superstjerne var snuoperasjonen i det hanglande bilkonsernet Chrysler.

Berga Chrysler frå konkurs

På 80-talet var det uvanleg at direktørane sjølv stod fram i fjernsynsreklamar og i media slik som Tesla-eier Elon Musk gjer i dag.

Men Iacocca meinte dette var ein heilt nødvendig strategi for å redde USAs tredje største bilkonsern, som i 1979 sleit med over 5 milliardar dollar i gjeld. Det hjelpte ikkje at Chrysler hadde rykte på seg for å lage bilar av dårleg kvalitet.

– Finn du ein betre bil, kjøp den, var det offensive svaret frå Iacocca i fjernsynsreklamane.

SJÅ: Iacocca meiner Chrysler er like bra som tyske og japanske bilar

Ifølgje amerikanske nekrologar var han ein sigartyggande og karismatisk leiar, som klarte å skaffe det skakkøyrde konsernet enorme føderale lånegarantiar.

Og han forhandla fram djupe lønnskutt og nedskjeringar med den elles so lite samarbeidsvillige fagforeininga til dei amerikanske bilindustriarbeidarane. Når Chrysler byrja tene pengar, vart det sett på som eit lite mirakel.

Superstjerne

Snuoperasjonen i Chrysler gjorde Iacocca til ein nasjonal kjendis. Han skreiv to bestseljarar, og han fekk til og med ei birolle i fjernsynsserien Miami Vice.

Mot slutten av 80-talet var han så populær at han kunne ha kasta seg inn i presidentvalet, skriv CNN.

Clinton og Iaccoca

IT'S THE ECONOMY STUPID: president Bill Clinton i passiar med Iacocca i 1993. Iacocca vart spurt om råd om korleis Clinton kunne styrke den amerikanske økonomien.

Foto: Wikimedia commons

Blir hylla av bilindustrien

Den amerikanske bilindustrien hyllar i dag Iacocca som ein føregangsmann.

Chrysler var til dømes tidleg ut med å eksperimentere med elbilar, som prototypen Chrysler ETV-1.

Og det blir også delt fleire anekdotar om mannen og tida han representerte.

I nekrologen minner CNN oss om at Iacocca kom frå ei tid utan internett og smarttelefonar. Det var landline med telefonsentral som gjaldt når ein skulle styre eit forretningsimperium.

Og dette var grunnen til at han endra fornamnet sitt, skriv CNN, som siterer sjølvbiografien:

– På 50-talet måtte eg ringe telefonsentralen og stave namnet mitt, skulle eg ha tak i nokon. Det var eit svare strev å stave etternamnet mitt. Og når eg byrja på fornamnet mitt, Lido, så byrja dei å le. Så da sa eg til meg sjølv, dette går ikkje, og må kalle meg Lee.

Den italienske immigrantsonen Lee Iacocca døydde i natt 94 år gammal, etter komplikasjonar i samband med Parkinsons.

SISTE NYTT

Siste nytt