NRK Meny
Normal

5000 passar på Obama i India

Store sikkerheitsstyrkar passar på USA-president Barack Obama når han besøkjer India. Hotellet Obama bur på, vart angripe av terroristar for to år sidan.

Barack Obama og kona Michelle landa i Mumbai i dag tidleg.

Dei vart frakta i helikopter vidare til Taj Mahal Palace Hotel, som vart utsett for eit angrep i 2008 der 31 menneske misste livet, skriv nyheitsbyrået AFP.

Til saman 166 menneske misste livet i ulike angrep i Mumbai den same dagen.

Ekstrem sikkerheit

På hotellet skal Obama møte overlevande frå angrepet. Sikkerheitsopplegget er ekstremt: vegar er stengde, trafikken langs kysten innstilt og store område i Mumbai er skjerma.

5000 sikkerheitsfolk er utplassert i byen for å passe på presidentparet. Både Secret Service, indisk etteretning og elitesoldatar er på vakt, skriv AFP.

Krigen mot terror

Angrepa i november 2008 blir av folk i India samanlikna med angrepa på USA i 2001.

Dåverande president i USA, George W. Bush jr, sa angrepa viste kor alvorleg og nærståande terrortrusselen var. Han bad også om tettare band til India i kampen mot terrorisme.

Samarbeidet mellom USA og India har aldri vore betre, ifølgje amerikanske styresmakter.

(Artikkelen held fram under biletet...)

Obama på besøk i Mumbai

Indiske politimenn patruljerer utanfor hotell Taj Mahal i Mumbai, der Obama skal bu.

Foto: Rafiq Maqbool / Ap

Vil doble eksporten

Obama skal vere i India i tre og eit halvt døgn. Det er det lengste statsbesøket han har hatt til no.

Det blir sett på som eit svar til kritikarane, som har hevda at Obama brukar mindre tid på India enn det forgjengaren gjorde.

Under sitt besøk til Asia, skal Obama også innom Indonesia, Sør-Korea og Japan. Målet med reisa skal vere å auke amerikansk eksport til Asia. Obama ønskjer å doble eksporten dei neste fem åra.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt