NRK Meny
Normal

Demonstrantar velta Lenin-statue

Rundt 500.000 menneske demonstrerer i Kiev for at president Viktor Janukovitsj skal gå av. Situasjonen tilspissar seg, og demonstrantane har no velta ein Lenin-statue i byen.

Veltet Lenin-statuen i Kiev

VIDEO: Demonstrantane velta Lenin-statuen under protestane mot presidenten i Kiev.

I heile føremiddag strøymde menneske inn mot sentrum av Kiev. Demonstrantane bar ukrainske flagg, EU-flagg og banner med slagord mot den sitjande regjeringa.

Velta og halshøgde Lenin-statue

Søndag ettermiddag byrjar demonstrasjonen å tilspisse seg, og demonstrantane har velta ein Lenin-statue i hovudstaden.

Dei velta og halshøgde statuen av den tidlegare Bolsjevik-leiaren.

Saka held fram under biletet

Veltar Lenin-statue i Kiev

VELTA: Lenin-statuen i Kiev blei velta overende av demonstrantar.

Foto: Efrem Lukatsky / Ap

Opposisjonen sa på førehand at dei håpa å samle ein million menneske i sentrumsgatene i dag,og ifølgje nyheitsbyrået AP er talet på demonstrantar oppe i 500 000 søndag ettermiddag.

– Janukovitsj i diktatorklubben

Den fengsla opposisjonsleiaren Julia Timosjenko gav følgjande bodskap til demonstrantane via dotter si:

Demonstrasjon mot presidenten i Kiev.

Demonstrantane i Kiev krev at president straks skal trekkje seg.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

– Målet vårt er at Janukovitsj straks trekkjer seg som president.

Bodskapen vart motteken med jubel av demonstrantane, og dei ropte taktfast: – Gå av!

Det heiter vidare i fråsegna frå Timosjenko at Janukovitsj ikkje lenger kan vere president i Ukraina, fordi han har meldt seg inn i klubben for diktatorar.

– Han er ein tyrann som må svare for kvar drope blod som har vorte spelt. Vi må fredeleg og lovleg fjerne han frå makta. heiter det vidare i fråsegna som Jevgenina Timosjenko las opp

I føremiddag vart det halde gudsteneste på plassen, og mange av demonstrantane deltok i nattverd medan dei venta på at demonstrasjonen skulle starte.

Demonstrasjon mot presidenten i Kiev.

Enorme menneskemengder har samla seg på Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Fryktar nærare band til Russland

Den siste uroa i Ukraina starta etter at presidenten varsla at han likevel ikkje ville skrive under ein avtale med EU, som ville gitt ukrainske borgarar løyve til fritt å reise til EU-land utan pass eller visum.

Ein demonstrant får nattverd på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Ein demonstrant tek imot nattverd frå ein prest på Sjølvstendeplassen i Kiev i føremiddag.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Det er no frykt for at Janukovitsj vil føre Ukraina endå nærmare Russland, og sist fredag møtte den ukrainske presidenten sin russiske kollega Vladimir Putin for å diskutere eit strategisk samarbeid mellom dei to landa.

Styresmaktene i Ukraina har gjort det klart at dei ikkje vil slå ned på fredelege demonstrasjonar, men at dei ikkje vil nøle med å slå ned på valdelege element blant dei.

Demonstrantar banka opp

Det har vore demonstrasjonar i Kiev kvar dag den siste veka. Ofte har demonstrasjonane enda med både blod og arrestasjonar, etter at politiet har gått hardt til verks mot demonstrantane.

Sist søndag var det også ein gigantdemonstrasjon i Kiev, der fleire hundre tusen menneske deltok. Det var då den største demonstrasjonen i landet sidan Oransjerevolusjonen i 2004.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt