Hopp til innhold

40 drepne i angrep på skule

Minst 40 menneske vart drepne i eit angrep mot ein FN-skule i Jabaliya på Gazastripa. Israel seier det vart skote granatar frå skulen mot israelske soldatar.

Angrep på FN-skole i Gaza by

Røyk og flammer er synleg fra israelsk side av grensa.

Foto: SEBASTIAN SCHEINER / AP

Nyheitsbyrået Reuters melder at to granatar frå israelske stridsvogner eksploderte utanfor skulen nord på Gazastripa. Folk både inne og ute vart ramma av granatnedslaga, har augevitne fortalt.

Fleire hundre palestinarar hadde samla seg på skulen, der dei søkte tilflukt frå kampane mellom israelske styrkar og militante palestinarar.

Her vart minst 40 menneske drepne i eit israelsk angrep, fortel palestinske legar.

Her vart minst 40 menneske drepne i eit israelsk angrep, fortel palestinske legar.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Skulen blir driven av UNRWA, FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar.

Nettradio: Mads Gilbert om bombinga av skulen

- Skyting frå skulen

Den israelske regjeringstalsmannen Mark Regev seier i kveld at ei førebels undersøking av det som har skjedd viser at det kan ha vorte skote granatar mot israelske soldatar frå skulen som vart ramma. Og då dei skaut tilbake var resultatet uforholdsmessig kraftige eksplosjonar, seier han.

Dette kan tyde på at Hamas på førehand hadde lagt ut eksplosivar på skuleområdet. Men Mark Regev poengterer at dette er basert på ei førebels undersøking, og at etterforskinga av det som skjedde held fram.

Ein israelsk militær talsmann seier i kveld at det blant dei døde på skulen er funne to namngitte Hamas-krigarar, i tillegg til eit granatkastar-batteri. Det vart skote mot israelske soldatar frå dette batteriet, og dei skaut tilbake, seier talsmannen.

Israel har ofte skulda Hamas for å bruke UNRWA sine bygningar til militære aktivitetar.

"Ekstrem og traumatisk"

FN stadfestar at minst 30 menneske vart drepne og 55 såra i angrepet.

Operasjonsleiaren for Røde Kors, Pierre Krahenbuhl, kallar situasjonen for sivile palestinarar "ekstrem og traumatisk" som følgje av 11 døgn med krigshandlingar utan stans. Han meiner at sist natt var den mest skremmande hittil i konflikten

Angrepet i ettermiddag var det tredje som ramma UNRWA-skular på Gazastripa i dag, i dei to andre angrepa vart fem menneske drepne.

Hamas opplyser i kveld at i alt minst 660 palestinarar er drepne i den 11 dagar lange israelske offensiven, og at rundt 3000 er såra. 215 born og 98 kvinner er drepne, seier sjefen for redningstenesta, Moawiya Hassanein.

Det er ikkje oppgitt kor mange av dei døde og såra som er medlemer av militante grupper, og kor mange som er sivile.

Sju israelske soldatar er drepne i løpet av krigen, medan tre isaelske sivile er drepne av rakettar som er skotne frå Gazastripa.

Sterke reaksjonar

Angrepa mot FN-skulane på Gazastripa i dag blir møtte med sterke reaksjonar frå FN-hald. FNs koordinator for humanitær hjelp til dei palestinske områda, Maxwell Gaylard, seier at Israel har GPS-posisjonane til alle FN sine bygningar på Gazastripa, inkludert alle skulane.

- Desse tragiske hendingane må etterforskast. Om om det viser seg at angrepa er brot på internasjonale lover, så må dei ansvarlege bli stilde til ansvar, sa ein opprørt Maxwell Gaylard til nyheitsbyrået AFP.

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon seier han er djupt forferda over det som har skjedd på Gazastripa i dag, og han kallar dei israelske angrepa på angrepa på FN-skular er totalt uakseptable.

Tidlegare i dag vart 12 menneske drepne i eit bombeangrep i Gaza by, blant dei sju born. Alle kom frå same familien.

Rundt 12 rakettar er skotne frå Gazastripa inn i Israel i dag. Ein av dei landa heile 45 kilometer inn i Israel, og eit lite spedbarn vart lettare såra. Aldri tidlegare har rakettar frå Gaza slått ned så langt inne i Israel.

Det er nærmast konstante bombeangrep mot Gazastripa.

Det er nærmast konstante bombeangrep mot Gazastripa.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP



SISTE NYTT

Siste nytt