NRK Meny
Normal

AIDS 30 år etter: Framleis ingen kur

30 millionar menneske har døydd av AIDS sidan sjukdomen først blei oppdaga for 30 år sidan. No åtvarar FN mot bistands-kutt.

HEALTH-AIDS-ANNIVERSARY-KENYA

Det er gjort framsteg i kampen mot AIDS sidan sjukdomen først blei vitskapleg dokumentert den 5.juni 1981. Men det trengst framleis ressursar til forsking, behandling, og bevisstfjering, påpeikar FN.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

30 år etter at HIV-viruset og AIDS først blei oppdaga, finst det framleis ingen kur for å bli kvitt sjukdomen. Det nådelause viruset er på mange måtar enno ei gåte for helseekspertane.

For sjølv om det er gjort formidable framsteg på forskningsfronten og utviklinga går i riktig retning, vert det dagleg rapportert om 7000 nye smittetilfelle.

– Me har framleis ein lang veg å gå for å hindra nye HIV-infeksjonar, få slutt på diskriminering av smitta, trappa opp behandling, oppfølgjing og støtte, seier generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon i ein kommentar til FN-rapporten «AIDS at 30: Nations at the Crossroads».

Oppdaga i 1981

Den 5.juni 1981 publiserte amerikanske dokterar ein studie av fem homoseksuelle menn som på mystisk vis hadde fått immunforsvaret sitt totalskadd.

Lite visste forskarane då om at dei hadde oppdaga ein livstrugande sjukdom som i løpet av dei neste tre tiåra skulle ta heile 30 millionar menneskeliv på verdsbasis.

Statusrapporten til FN tek til orde for å styrka kampen mot HIV og AIDS. Den peikar blant anna på det faktum at svært mange er infiserte utan at dei veit om det.

(Saka held fram under biletet)

hiv, aids

Den raude sløyfa er det internasjonale symbolet for HIV/AIDS problematikken.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Halvparten veit ikkje

Av dei totalt 34 millionane som har HIV, er nemleg berre halvparten klare over at dei er smitta av viruset.

– Uvissheita er eit stort, stort problem, seier Michel Sidibe som er direktør i UNAIDS, FN sitt organ for global innsats mot hivepidemien.

Sibide meiner styresmaktene i dei mest utsette landa må innføra masseundersøkingar for å få oversikt og kontroll over smitteomfanget.

Mindre pengar til AIDS-kampen

FN ser også ei urovekkjande utvikling når det gjeld det internasjonale samfunnet sin vilje til å støtta AIDS-kampen

For første gong på ti år har den internasjonale bistanden vorte svekka. Fortset den negative trenden, kan det gå hardt ut over FNs tusenårsmål nummer 6: å stoppa dødelege sjukdomar som HIV og AIDS innan 2015.

– Dødstalet og smitteomfanget har minka på lang sikt, men behovet for ressursar er framleis kolossalt, seier UNAIDS-direktøren Sibide.

Noreg gjev meir

Ifølgje Utanrikdsepartementet har ikkje Noreg redusert sitt bidrag til den globale motkjempinga av HIV og AIDS.

Tvert imot blei den norske stønaden sett opp med om lag 60 millionar, frå 370 millionar i 2009 til 430 millionar i 2010.

– Norske styresmakter har ingen planar om å redusera bidraget til AIDS-kampen. Planen er å halda bistanden på same nivå som no, og grunntanken er å gje pengar til tiltak som bekjempar fattigom, og dermed også AIDS, fortel kommunikasjonsrådgjevar for utviklingsministeren, Trine Jøranli Eskedal.

Solheim og Mette-Marit på AIDS-møte

Om lag to tredelar av alle som lever med hiv bur i Afrika sør for Sahara, ifølgje Direktoratet for utviklingssamarbeid, Norad. Mange av landa i regionen er også blant dei fattigaste i verda.

Neste veke reiser ein norsk delegasjon til New York for å delta på FNs høgnivåmøte om HIV og AIDS.

Blant dei norske representantane er utviklingsminister Erik Solheim og kronprinsesse Mette-Marit, som lenge har engasjert seg i kampen mot HIV og AIDS.

HIV-smittet barn i Afrika

I Afrika blir mange born fødde med HIV-infeksjon i kroppen.

Foto: DENIS FARRELL / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt