Det blir stadig funnet nye omkomne i ruinene i den historiske byen Bam. (Foto. Reuters/Scanpix)
Ein redningsarbeider gjennomsøkjer ruinane med hjelp av ein hund. (Foto: Reuters/Scanpix)
Irans innanriksminister Abdolvahed Mousaavi-Lari sa dette på iransk fjernsyn i ettermiddag. 15.000 av dei skal alt vere gravlagde. Etter muslimsk skikk skal dei døde helst gravleggjast i løpet av 24 timar.
Tidlegare i dag vart det offisielle talet sett til 15.000 omkomne.
I løpet av dagen kjem utanlandssjef i Noregs Røde Kors Halvor Fossum Lauritzsen til Bam. Han skal koordinere det internasjonale hjelpearbeidet etter jordskjelvet, og han var venta til jordskjelvområdet ved 12-13-tida norsk tid.
Lauritzsen var i møte med iranske styresmakter i Teheran før han reiste vidare til jordskjelvområdet.
Utfordringar
Generalsekretær Jonas Gahr Støre i Røde Kors i Noreg seier at Lauritsen kan vendte seg store utfordringar når han kjem fram til Bam.
- I natt var det ni minusgrader i området, og forholda er kaotiske, sjølv om det er bra organisering frå iranske styresmakter si side. Togsambandet til jordskjelvområdet ser også ut til å fungere bra, seier Jonas Gahr Støre til NRK.
Det er framleis uklart kor mange som har mist livet i jordskjelvkatastrofen. Det blir operert med ulike tal, og i dag tidleg sa guvernør Ali Karimi i Kerman-provinsen at 10.000 menneske hadde mist livet i sjølve byen Bam. Byen hadde mellom 90.000 og 100.000 innbyggjarar før jordskjelvet, her også blir det operert med ulike tal.
Halvor Fossum Lauritzsen skal koordinere det internasjonale hjelpearbeidet i jordskjelvområdet. (Scanpix-foto)
I dag sender Røde Kors i Noreg eit fly med 45 tonn utstyr til Iran.
Internasjonal hjelp
Det offisielle iranske nyheitsbyrået IRNA opplyser i dag at 200 menneske i går vart berga ut av ruinane i Bam i live. Dermed er 1000 menneske berga ut i live sidan jordskjelvet tidleg på morgonen 2.juledag.
Seint fredag kveld vart det meldt at talet på døde oversteig 20.000. I går gjekk meldingane ut på at 70.000 menneske var døde eller skadde i skjelvet. Det er også usikkert om heile jordskjelvområdet er gjennomsøkt.
Jonas Gahr Støre er generalsekretær i Noregs Røde Kors.
Det strøymer no internasjonal hjelp inn i landet. I natt kom det første flyet med amerikanske hjelpesendingar til Iran. Ein talsmann for president George W. Bush seier at USA samarbeider tett med Iran, Røde Kors og Røde Halvmåne med å få hjelpa fram så fort som mogleg.
Dei første norske hjelpemannskapa kom fram til Iran i går kveld. Det er førebels uklart om nokon av dei har kome fram til Bam.