Hopp til innhold

11 omkom i russisk flystyrt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Alle 11 om bord omkom då eit russisk militærfly styrta i Tula-regionen sør for Moskva i Russland i natt norsk tid.

Flyet, ein Antonov An-22 , forsvann frå radarskjermen og det var umogleg å få kontakt, seier visegevernøren i Tula-regionen, Alexander Jetejev, til telegrambyrået Ria Novosti. Flyvraket er registrert rundt 200 kilometer frå Moskva.

Redningsarbeidet er vanskeleg på grunn av store snømengder og kraftig vind.

Flyet var på veg frå Voronesj til Tver då det styrta, blir det opplyst. Det er uklart kva som var årsaka til ulukka, men ei kjelde hos luftfartsstyresmaktene seier at motorhavari kan vere ei mogleg årsak.

Vitne har fortalt at dei høyrde ein kraftig eksplosjon.

Antonov An-22 er eit stort militært transportfly utvikla i Sovjetunionen. Det var det største flyet i verda då det vart teke i bruk i 1965. Flyet har eit vengjespenn på 64,4 meter.

Det har vore mange ulykker med militære fly i Russland. I september i år styrta ein Sukhoj Su-27 under trening i den austlege delen av Russland. I juni stansa Russland alle flygingar med bombeflyet Sukhoj 24 etter at to fly av denne typen styrta i løet av ei veke.

SISTE NYTT

Siste nytt