NRK Meny
Normal

100 drepne under kvegplyndring

Over 100 menneske er drepne i samband med ei kvegplyndring i borgarkrigsherja Sør-Sudan.

GJetarleir i Sør-Sudan

Det er uvisst om blodbadet ved gjetarleiren i delstaten Warrap var etnisk motivert.

Foto: TIM MCKULKA / AFP

Minst 28 av dei drepne var sivile i ein gjetarleir i den nordlege sørsudanske delstaten Warrap, opplyser lokale styresmakter.

– Me har mist 28 sivile i ein avsidesliggande gjetarleir, seier den lokale informasjonsministeren Bol Dhel til den FN-støtta radiostasjonen Miraya.

85 av gjerningsmennene blei drepne under den påfølgjande politijakta, andre blei pågripne i nærliggande sumpområde, ifølgje ministeren.

Valdsspiral

Massakren i Warrap er den siste av rekkje grusomheiter som har rysta Sør-Sudan den siste tida.

Seinast torsdag blei minst 58 menneske drepne då væpna menn gjekk til åtak på ein FN-leir i byen Bor.

Over éin million menneske har flykta etter at det i fjor vinter braut ut kampar mellom soldatar som støttar president Salva Kiir og soldatar som sympatiserer med den avsette visepresidenten hans Riek Machar.

Konflikten har også fått ein etnisk dimensjon med samanstøytar mellom Dinka-stammen og og militsstyrkar tilhøyrande Nuer-folket.

Det er førebels uklart om den blodige kvegplyndringa påskeaftan er relatert til den pågåande konflikten.

FN åtvarar om at det er overhengande stor fare for katastrofal hungersnaud i Sør-Sudan som følgje av borgarkrigen.

Laster kart, vennligst vent...

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt