Hopp til innhold

- Skandinavar bortførte av Al Qaida-gruppe i Syria

Ein danske og ein svenske er blant dei fem medarbeidarane frå Legar utan grenser (MSF) som er bortførte i Syria. Samstundes er det kampar mellom ulike opprørsgrupper i landet.

Sivile har flykta unna kamphandlingar i Adra i Syria.

Ei gruppe sivile har flykta unna kamphandlingar i Adra i Irak. Situasjonen i landet blir meir og meir desperat.

Foto: SANA / Reuters

Den svenske avisa Expressen har snakka med ei kjelde som seier at hjelpearbeidarane er tekne til fange av den islamistiske opprørsgruppa Den islamske staten i Irak og Levanten (ISIL), som har sterke band til terrornettverket Al Qaida.

Gruppa er i krig med meir moderate opprørsgrupper og har innført strenge sharialover i områda dei kontrollerer langs grensa mot Tyrkia. Amnesty har skulda gruppa for alvorlege overgrep, summariske avrettingar og tortur av fangar. Gruppa held også truleg fleire utanlandske hjelpearbeidarar og journalistar som fangar.

– Jakta på kommandant

Opprørarane skal ha vore p\å jakt etter ein kommandant frå Den frie syriske hær, ei moderat opprørsgruppe som har vore i kamp med ISIL. Kommandanten skal ha vore pasient på sjukehuset til MSF, etter å ha blitt såra i kampar mot ISIS.

Kjelda seier til Expressen at kommandanten vart bortført saman med alle legane og sjukehuspersonalet.

Talskvinne i MSF, Samantha Maurin, stadfestar at dei fem vart bortførte av ei ukjent gruppe nord i Syria torsdag kveld. Det vart sagt at dei vart tekne inn til avhøyr, seier ho.

I tillegg til dei to skandinavane er det ein belgiar, ein sveitsar og ein peruanar som er bortførte. Maurin vil ikkje gi fleire detaljar av omsyn til medarbeidarane sin tryggleik.

Ekstreme grupper

Aleppo, Syria

Det har dei siste dagane vore harde kampar i Aleppo, også trefningar mellom ulike opprørsgrupper.

Foto: STRINGER / Reuters

– Vi arbeider for å løyse situasjonen, og i dette tilfellet er det naudsynt med mykje diskresjon, seier pressetalskvinne Karin Ekholm i Legar utan grenser si avdeling i Sverige.

Organisasjonen arbeider på seks sjukehus og fire helsesenter i den nordlege delen av Syria.

Situasjonen i Syria er svært uoversiktleg med mange islamistiske grupper som kjempar mot det syriske regimet. Det har dei siste dagane også kome meldingar om harde kampar mellom ISIL og meir moderate opprørsgrupper.

LES OGSÅ: – Utlendingene er de mest ekstreme i Syria

LES OGSÅ: – Minst 56 drept i luftangrep i Syria

I Irak og Syria

Opprørsgruppa ISIL (Islamsk stat i Irak og i Levanten), som skal ha sterke band til Al Qaida-nettverket, har vore i harde kampar med andre grupper, og dei skal ha lidd store tap, ifølgje ein del meldingar. Denne gruppa opererer også inne i Irak.

The Syrian Observatory for Human Rights, som har base i London, opplyser til AFP at 16 ISIL-opprørarar er drepne i kampar i Aleppo og Idlib, medan 42 andre skal vere såra.

Menneskerettsgruppa opplyser til AFP at fleire grupper no har gått saman for å kjempe mot ISIL. ISIL har tidlegare bortført både syriske og utanlandske journalistar og hjelpearbeidarar. Det har også vore store demonstrasjonar mot gruppa i byar som Aleppo og Idlib.

Ein opprørar frå Idlib, Abu Leyla, seier til AFP via Internett at rundt 90 prosent av innbyggjarane i områda opprørarane held, er sterke motstandarar av ISIL. Ein annan aktivist seier at det er starta ein revolusjon mot ISIL.

LES OGSÅ: Opposisjonen truer med å boikotte fredskonferanse

LES OGSÅ: KNM Helge Ingstad klar for Syria-oppdrag

– Berre islamske i namnet

– ISIL misbrukar menneske og brukar vald for å knuse alle som er usamde med dei. Dei er berre islamske i namnet, og alt dei vil er å ha makt, seier Abu Leyla.

Det syriske opprøret starta som ein fredeleg protest mot regimet til Bashar al-Assad. Regimet slo hardt ned på demonstrasjonane, og dette førte til at det fredelege opprøret gjekk over til å bli eit militært opprør.

Utanlandske frivillige strøymde til Syria for å hjelpe opprørarane, og mange av dei var ekstreme islamistar. Dei vart godt mottekne i starten, seier Abu Leyla, men at dei aller fleste som kjempar mot Assad-regimet no tek avstand frå ISIL og andre ekstreme islamistgrupper.

Over 130.000 menneske er drepne i den syriske borgarkrigen, 73.000 berre i fjor . Fleire millionar menneske er på flukt i eige land eller i utlandet.

LES OGSÅ: FN: – Tidsfristen for Syrias kjemiske stridsmidler sprekker

LES OGSÅ: Her skal Syrias kjemiske våpen ødelegges

SISTE NYTT

Siste nytt