Hopp til innhold

- Libya-operasjon til ut september

NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen seier det er semje om å forlengje militærkampanjen i Libya med nye 90 dagar til slutten av september.

Anders Fogh Rasmussen

NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

- Dette er ei klar melding til Gaddafi-regimet om at vi står fast på å verne det libyske folket, seier han. Og han heldt fram:

Muammar al-Gaddafi

Muammar al-Gaddafi nektar å gi frå seg makta i Libya.

Foto: STR / REUTERS

- NATOs mål er å sikre at det libyske folk får sjansen til å forme si eiga framtid. Og den dagen rykkjer stadig nærmare.

Bombing sidan 17. mars

Kampfly frå NATO har bomba Libya sidan 19. mars. Etter dei opprinnelege planane skulle NATO-operasjonen i Libya vare fram til 27. juni.

Luftangrepa mot Libya vart sette i verk for å verne sivile mot styrkane til diktatoren Muammar al-Gaddafi.

Samstundes som dette vart kjent kom det meldingar om nye eksplosjonar i den libyske hovudstaden Tripoli i dag. Det er uklart kva mål NATO-flya har bomba i dag.

Libyske styresmakter hevdar at 718 sivile er drepne i NATO-flyangrepa mot landet, og at over 4000 er såra.

Norsk bidrag uklart

Det norske forsvarsdepartementet gjer det klart at Noreg vil halde fram med å støtte operasjonen i Libya, men det er uklart kva det norske bidraget vil vere. Avtalen har hittil vore at Noreg skulle bidra med seks fly fram til 24. juni.

Det blir no jobba med kva Noreg skal delta med i den nye tremånaders-perioden. Dette vil vere avhengig av situasjonen på bakken i Libya og kva behov NATO melder inn, heiter det frå Forsvarsdepartementet.

LES OGSÅ: – Al Jazeera filmet vestlige bakkesoldater i Libya

LES OGSÅ: Gaddafi viste seg offentlig for første gang på tre uker

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Norske piloter er blant de beste i verden

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Norske piloter er blant de beste i verden

LES OGSÅ: Regjeringen offentliggjør bombemål i Libya

LES OGSÅ: Nytt angrep mot Gaddafis hovedkvarter

SISTE NYTT

Siste nytt