Hopp til innhold

- Ingen planar om å invadere

Makthavarane i Honduras seier dei ikkje har planar om å sende styrkar inn i Brasils ambassade i landet.

Video nsps_upload_2009_9_22_20_19_25_2280.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Strever med kontroll på demonstrantene i Honduras. Trykk på bildet for å se video.

Politiet i Honduras omringa i ettermiddag Brasils ambassade i landet, der den styrta presidenten Manuel Zelaya har søkt tilflukt.

Manuel Zelaya

Manuel Zelaya

Foto: Jose Luis Magana / AP

Ifølgje ein Reuters-fotograf som var ved ambassaden i Tequcigalpa brukte politiet tåregass mot alle som hadde samla seg utanfor ambassaden for å syne støtte for Zelaya.

I eit intervju med den tv-kanalen Telesur i Venezuela sa Manuel Zelaya tidlegare i dag at han frykta invasjon av ambassaden.

- Ambassaden er omringa av politi og militære. Eg trur det kan verte fleire åtak og meir vald, og dei kan til og med vere i stand til å invadere Brasils ambassade, seier han.

Brasil krev forhandlingar

Luiz Inacio Lula da Silva i Sverige

Luiz Inacio Lula da Silva

Foto: BOB STRONG / REUTERS

Den brasilianske presidenten Luiz Inacio Lula da Silva krev no forhandlingar for å stoppe konflikten i Honduras.

Brasils utanriksminister Celso Amorin har også gjort det klart at Brasil ikkje kjem til å tolerere vald mot ambassaden i Tegucigalpa.

Lula da Silva åtvarar dei noverande makthavarane i Honduras mot å nærme seg den brasilianske ambassaden.

- Eg oppmodar også Zelaya til å vere varsam med å gje kuppmakarane eit påskot for å ty til vald, sa Lula frå New York i dag.

Han gjentok også Brasils støtte til Zelaya og ba kuppleiarane gje frå seg makta til han.

Zelayam vart styrta og tvangssendt i eksil 28. juni i år.

Les også: Militærkupp i Honduras

Honduras mister EU-støtte

USA stanser all bistand til Honduras

Kom attende i natt

Zelaya vart frakta til Costa Rica, der han søkte asyl.

Fredag 24. juli kryssa Zelaya så vidt grensa frå Nicaragua med pressa til stades.

Les også: Zelaya forbereder hjemreise igjen

Zelaya fikk ikke lande i Honduras

Kuppregimet i Honduras har innført portforbod og stengd flyplassen for all trafikk, etter at Zelaya kom attende til landet i natt.

SISTE NYTT

Siste nytt