- Eg veit at mange langs kysten lever av fisk. Dei har små båtar som dei dreg ut med, og så sel dei fisken vidare. Eg trur det blir vanskeleg for dei å overleve etter det som har skjedd no, seier Said Fara i Somalisk Velferdsforening.
Flodbølgja som gjorde enorme skader i Asia har også fått store følgjer i Somalia. Mange som lever av fiske har mista reiskapane sine og er avhengig av hjelp utanfrå.
- Mange mista levebrødet
Somalia er ikkje blant dei hardast råka områda etter tsunamien. Kring 200 menneske skal vere omkomne. Men i eit lutfattig land som har vore råka av tørke fleire år på rad får flodbølgja svært store ringverknader. Så langt treng minst 30.000 menneske strakshjelp langs kysten i nordaust.
- Nokre treng hus, andre treng vatn, mat eller medisinar, seier Laura Melo i Verdas matvareprogram.
- I tillegg har svært mange mista levebrødet sitt i flodbølgja. Vi er midt i fiskerisesongen, då mange somaliske familiar flyttar til kysten for å fiske, og bur midlertidig i skur. No har dei mista fiske-reiskapane sine. Mange manglar noko å leve av, fortel Melo.
Både FN og den norske utviklingsministeren fryktar at Afrika må betale rekninga for den store givargleda etter flodbølgja i Asia. Berre den første veka etter flodbølgja i Asia fekk FN inn like mykje pengar til naudhjelp som dei gjorde i heile 2004.
Somalia kan bli gløymt
- Eg trur det er Asia som treng hjelpa mest, men eg håper også at verda ikkje gløymer Somalia og dei andre austafrikanske landa. Vi er også ramma ein del, om ikkje like hardt som søraust-Asia, seier Said Fara.
Langs nordaustkysten av Somalia er 30.000 menneske no avhengig av hjelp utanfrå.
Det er kysten nordaust i Somalia som er hardast ramma, særleg halvøya Hafun som ligg svært lågt i terrenget. Her er det sendt ut 277 tonn mat, først og fremst ris, matolje, mais og bønner. Men Verdas matvareprogram har store problem med å kome seg fram langs vegane.
Vegar er skylt bort
- Vegane er eit stort problem, seier Laura Melo i Verdas matvareprogram.
- Då vi skulle til Hafun med mat, var vegane vaska vekk av vatnet slik at vi stod fast - 60 kilometer ifrå. Vi fekk tak i to små firehjulsdrevne bilar som no går i skytteltrafikk med mat. Men vegen tar sju timar kvar veg, og då skjønar du kor langsomt det går. I går måtte desse bilane dessutan køyre til Darfur med medisinar, slik at det ikkje kom mat inn til Hafun, fortel ho.
30.000 menneske som treng mat umiddelbart, det er eit stort tal i ein endå større samanheng. Men på nordaust-kysten av Somalia er dette berre ei av ei rekke ulukker dei siste åra.
Fekk naudhjelp frå før
- Her snakkar vi om folk som var svært fattige frå før. Allereie før flodbølgja kom fekk 120.000 menneske naudhjelp i det råka området, fortel Laura Melo.
- Kysten av Somalia har vore råka av fire år med tørke, så kom det flaum i førre regntid, og rett etter det att ein kuldeperiode som gjorde at mykje av buskapen døydde. Dette området var allereie under sterkt trykk før tsunamien, seier Laura Melo.
Vanskeleg å få kontakt
Enno har ikkje FN full oversikt over situasjonen langs kysten av Somalia. Også somaliarar i Noreg slit med å få vite kva som har skjedd. Det er svært vanskeleg å nå folk i dei råka områda.
- Der er ingen telefon der, ingen TV. Det er kanskje berre bilar som kjem seg dit, der er ingen tog og ingen flyplass. Kommunikasjonen er veldig dårleg, fortel Said Fara.