Hopp til innhold

- Det er kaotisk her

NRK-korrespondent Anders Tvegård kom i føremiddag til Tokyo frå USA. Han seier det er kaotisk der, og at folk er redde for det som skjer ved atomkraftverket Fukushima.

Video Frykter nedsmelting av reaktor

VIDEO: Første rapport frå NRK-korrespondent Anders Tvegård.

– Statsministeren har prøvd å roe folk ned ved å seie at dei har kontroll over situasjonen, men mange er urolege. Fleire medium melder at styresmaktene ikkje har kontroll over situasjonen, sier Tvegård.

Fukushima-anlegget ligg 240 kilometer frå den japanske hovudstaden, så det er frykt for radioakvite utslepp også i Tokyo.

Han fortel at dagleglivet går tilsynelatande som normalt i sentrum av Tokyo. Men det var vanskeleg å kome seg inn til sentrum frå flyplassen Marita. Alle bussane er innstilde, men det går eit ekspresstog av og til.

Tvegård fekk plass på eit ekspresstog. Han kom inn til sentrum av Tokyo rundt klokka 18 japansk tid, cirka kl. 10 på føremiddagen norsk tid. Han fortel at det er mykje folk ute i gatene, og at folk følgjer med på nyheitene via mobiltelefon og radio.

– Kanskje er det så mange ute på gatene fordi dei fryktar etterskjelv, seier han.

Tokyo er ikkje så hardt ramma av skjelvet, det er området rundt hamnebyen Sendai nordaust for Tokyo som er hardast ramma. Omfanget av katastrofen er enno uklart, men det er frykt for at fleire tusen menneske har mist livet.

LES OGSÅ: Prøver å få kontakt med nordmenn

LES OGSÅ: 215 000 i tilfluktsleirar

LES OGSÅ: Eksplosjon ved kjernekraftverk

LES OGSÅ: Enorme ødeleggelser etter jordskjelvet

SISTE NYTT

Siste nytt