Hopp til innhold

Utgravingar kan hefte storhall

Trondheim har berre tida og vegen om ny storhall på Nidarø skal stå ferdig hausten 2019. Men i grunnen rundt den nye hallen ligg eit kloster og andre mellomalder-restar.

Klostergata i Trondheim

Klostergata er ei idyllisk bustadgate i Trondheim på historisk grunn. I framtida er den tenkt som innfartsåra til den nye storhallen Trondheim Spektrum.

Foto: Nils Åge Nonstad / NRK

Motstandarane av ny storhall på Øya i Trondheim har argumentert med at det lokale bumiljøet kring hallen vil lide sterkt om hallen blir bygd, ikkje minst på grunn av auka trafikk i ei smal bygate.

Motstanden lokalt har vore og er framleis sterk, tre månader etter at vedtak er fatta.

Bakgrunn: 15. desembervedtaket i Trondheim bystyre.

Ein nabo har vald å gå juridisk mot kommunen i ein freistnad på å stanse utbygginga, inntil konsekvensane er nærare utreidd.

Protestmøte storhall Torget Trondheim 1

Protestane har vore mange mot den nye storhallen i Trondheim.

Foto: Lars Erik Skjersæth / NRK

I så fall vil tidsplanen på to og eit halv års byggetid sprekke.

Arkeologi tar tid

Men det vil den også gjere dersom ein i arbeidet med veg- og bruløysingar for å sikre adkomsten til hallen, møter på krav om arkeologiske utgravingar, noko det er stor risiko for.

Klostergata med sitt historiske namn, ligg utan tvil på gammal jord.

I samanheng med utvidinga av gata for at den skal kunne ta unna den auka trafikken til og frå storhallen, samt greie trafikken i anleggstida, kjem det arkeologiske spørsmålet inn.

Ein by på mellomalder-grunn

Sjølve gatefundamentet i Klostergata ligg på eit tynt lag masse, lagt over gamle ruinar.

Sissel Skoglund hos Riksantikvaren seier dette til NRK:

– Vi veit veldig mykje om kva som er under Klostergata allereie.

Det er eit klosteranlegg frå mellomalderen der, med spor av ei klosterkyrkje og ein kyrkjegard. Kanskje kan vikingkongen Harald Harråde vere gravlagt der.

– Men det er nok lite sannsynleg å støyte på slike spesielle funn, seier Skoglund til NRK.

Utgraving av ruinar er i seg sjølv svært kostbart - og ikkje minst i høve til den korte tidsperioden ein her har til rådvelde, er dei problematiske. Utgravingar tek ikkje minst tid.

Klostergata kjem i køen

Og riksantikvaren har elles fullt opp å gjere andre stader med utgravingar i den historiske byen Trondheim, seier Skoglund. Ho kan ikkje love plass fremst i køen for Klostergata.

Sissel Skoglund, Riksantikvaren

Sissel Skoglund hos Riksantikvaren kan ikkje love kommunen raske utgravingar i Klostergata.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Det er veldig mykje som foregår i byen no av planlagde undersøkingar, så det er nok ganske mykje som står framom i kø, som må takast først, seier eksperten på forminne.

Løysinga for kommunen kan faktisk vere å forsterke gata ved å heve den, at ein "overdekker" det som finst i grunnen, i staden for å gå ned og fjerne gammal grunn i arbeidet med å forsterke gatekroppen.

Slik kan ein kanskje sleppe unna utgravingar.

Nidarø storhall

Trondheim Spektrum er framleis på teiknebrettet, hva veg bygget skal stå er framleis ikkje heilt avgjort.

Foto: Illustrasjon: Link arkitektur