Hopp til innhold

TV Norge felt for å ha kalla død mann «spøkelse»

For andre gong har TV Norge-programmet «Åndenes makt» brote god presseskikk. Å kalle ein avdød, namngjeven person for «spøkelse» kan vere svært belastande for familiemedlemer, meiner Pressas faglege utval (PFU).

Tom Strømnæss leder programmet "Åndenes makt" på TV Norge

FELT i PFU: Tom Strømnæss leder programmet «Åndenes makt» på TV Norge, som har vore ein stor seersuksess. Nå er redaksjonen bak programmet felt i PFU igjen.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

PFU viser til at avdøde personar kan ha familie, sjølv om dei ikkje har barn. Media er i sin fulle rett til å omtale andelege fenomen. Problemet oppstår når det blir knytt til avdøde personar, meiner utvalet.

I episoden sendt 23. september i år fortalde «Åndenes makt» om «uforklarlege hendingar» i eit hus på Støren i Trøndelag.

Huset, bygd i 1930, var opphavleg forsamlingslokale for Støren Arbeiderforening. I 2014 vart det kjøpt av Sportsskytterklubben. Det var brukarar av huset som bad programmet om hjelp.

Den synske Michael Winger fekk oppdraget og drog til Støren. I huset registrerte Winger ein eldre mann og han kjende lukt av «gamalmannssvette». Mannen vart skildra som høg, tynn, markerte trekk, kortklipt hår, fødd i 1936, og som hadde ein hund då han var yngre. Personen var godt kjend i lokalmiljøet, ifølgje Winger, som meinte mannen kunne heitt noko på A og I.

Avviser brot på god presseskikk

Eit av namna som vart nemnt i programmet var onkelen til Karin F. Bjørklund. Inge Grav døydde i 2015, og kona er også gått bort. Dei hadde ingen barn.
Bjørklund reagerte sterkt då ho såg programmet der onkelen vart framstilt som «spøkelset».

«Heilt absurd og veldig krenkande», skreiv Bjørklund til PFU då ho klaga programmet inn for brot på fleire punkt på Vær varsam-plakaten.

PFU meiner TV Norge braut to av punkta i Vær varsam-plakaten.
• 4.1: Legg vekt på saklighet og omtanke i innhald og presentasjon.
• 4.3: Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn. [Merknad: ...] Fremhev ikkje personlege og private forhold når dette er saka uvedkommande.

PFU kritiserer redaksjonen for å ikkje hadde sjekka betre om avdøde hadde familiemedlemer i live.

– Slett journalistisk arbeid

– Dette er berre slett journalistisk arbeid, uansett om ein trur på spøkelse eller ikkje, sa Kristin Taraldsrud Hoff, eit av PFU-medlemene som representerer ålmenta under behandlinga av saka tysdag.

TV Norge avviser at dei har brote god presseskikk. Dei har tilbode seg å redigere bort namnet på onkelen i reprise. Kanalen beklagar også at den ikkje kontakta Bjørklund før programmet vart sendt. Redaksjonen snakka derimot med vergen til seinare avdøde Grav. Vergen er far til klagaren og korrigerte ifølgje TVNorge nokre av opplysningane om personen. Men niesa opplyser at ho var i kontakt med faren sin og at TV Norge aldri fortalde han at onkelen skulle omtalast som eit «potensielt spøkelse» i programmet.

TV Norge meiner dei har omtala avdøde i berre positive ordelag og at programmet konkluderer med at onkelen ikkje kan vere personen som Winger skildra.
Forklaringa frå «Åndenes makt»«på det er at Inge Grav ikkje hadde hund.

Viktig for familien å få medhald

Karin F. Bjørklund følgde møtet i PFU i dag via nettet.

– Først og fremst er eg berre letta og glad for at PFU gav oss medhald. For meg og familien var det viktig, seier ho til NRK.

– Eg har ikkje noko imot «»Åndenes makt.» Men ein vere varsam med kva ein formidler og eg håper TV Norge gjer grundigare jobb heretter. Dei har ikkje akkurat leita med lys og lykte etter attlevande familie, avsluttar niesa til den avdøde frå Støren.

For fem år sidan vart TV Norge også felt i PFU etter å ha framstilt nokre som «plagsame spøkelse».