Hopp til innhold

«Åndenes makt» felt i PFU for spøkjelseomtale

Pårørande reagerte på at slektningane vart framstilt som «plagsame spøkjelse».

PFU

PFU-utvalet felte TVNorge og 'Åndenes makt' for brot på god presseskikk denne veka. Her frå eit tidlegare PFU-møte.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

«Åndenes makt», det populære søndagsprogrammet på TVNorge, blei måndag felt i PFU for brot på god presseskikk. Programmet blei klaga inn av familien til to omtalte døde.

Dei reagerte sterkt på at slektningane vart framstilt som «plagsame spøkjelse» og at TVNorge identifiserte dei med namn og bilete, utan at klagar var informert eller hadde gitt samtykke.

– Ikkje einige

TVNorge innrømmer at klagarane burde vore kontakta, men meiner dei likevel ikkje har brote god presseskikk.

Svein Tore Bergestuen

Svein Tore Bergestuen, kommunikasjonsdirektør i TVNorge.

Foto: Kilian Munch

– Vi meiner at det var tilstrekkeleg å kontakte dei to familiemedlemene vi hadde kontakt med. Vi forstår godt kva PFU meiner, men var ikkje einige i dette spørsmålet, seier Svein Tore Bergestuen, kommunikasjonsdirektør i TVNorge, til NRK.no.

Det aktuelle programmet tok utgangspunkt i ein gard på Austlandet, der ein familie hadde følt seg plaga av det som blir omtalt som «ubodne gjestar». Ein klarsynt følte på energiane til ein mann og to kvinner og programmet viste korleis skildringane til den klarsynte stemte med tre avdøde: tidlegare gardeigar, samt hans første og andre kone. Alle tre er identifisert med namn og bilete.

«Slik utvalet ser det, skulle TVNorge ha forsikra seg om at nære pårørande var informert om programmet. Utvalet minner også om at presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon,» står det i PFU-saka.

LES OGSÅ:

– Ikkje fordelaktig å bli skildra som ånd

Ifølgje klagaren rammar også omtalen ettermælet til dei avdøde. Det blir opplyst at slektningane var aktivt kristne, og klagaren ser det ikkje som fordelaktig å bli skildra som ånd, fenomen eller spøkjelse som går igjen, noko klagar meiner betyr at ein ikkje har fått fred etter sin død, står det i PFU-saka.

– Denne saka kjem ikkje til å endre vår måte å jobbe på. Vi har faste rutiner for å ta kontakt med nærmaste familie og avklare dette, seier Svein Tore Bergestuen.

PFU framhevar at også døde personar har eit visst presseetisk vern og understrekar media sitt sjølvstendige ansvar for å halde seg til dei presseetiske normene.

– Vi er også heilt klart av den oppfatning at ein må ta presseetiske omsyn til avdøde personar. Det tar vi omsyn til og vi vil halde fram med å gjere det. Framover vil vi sjølvsagt vere enda nøyare med å kontakte alle pårørande, seier Bergestuen i TVNorge.

LES OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Squid Game-skuespiller anklaget for seksuell overgrep

    «Squid Game» skuespilleren O Yeong-su (78) er anklaget og siktet for seksuell overgrep mot en kvinne, opplyser sørkoreanske rettsmyndigheter. Hendelsen skal ha funnet sted i 2017, skriver BBC.

    Yeong-su har benektet påstanden, melder lokale medier.

    O Yeong-su ble den første skuespilleren fra Sør-Korea som vant en Golden Globe-pris for beste mannlig birolle i Netflix-serien «Squid Game».

    Den sørkoreanske skuespilleren O Yeong-su deltok på Netflixs «Squid Game» arrangement i Los Angeles i juni 2022
    Foto: VALERIE MACON / AFP
  • Vil ha kvensk forvaltningsområde

    Senterungdommen mener det bør opprettes et forvaltningsområde for kvensk og norskfinsk språk og kultur. I sitt partiprogram er dette et av ti punkter for hvordan de ønsker å løfte fram kvensk språk og kultur som er sterkt rammet av fornorskningspolitikken. Nyvalgt leder Andrine Hanssen-Seppola sier at samisk språkforvaltningsområde virker godt og hun mener likhetene er store.