Raskaste veg heim frå skulen med bil går over fire timar via Sverige

Bønder må kaste mjølk, barn kjem seg ikkje på skulen og brøytebilen har berre ved unntak fått sleppe fram til den så å seie isolerte grenda Sul i Trøndelag.

Kristine Kulstad og Jonas Kulstad.

SÅ Å SEIE ISOLERT: Jonas Kulstad (11) var heldig og fekk skyss med brøytebilen heim til mor Kristine Kulstad. Han kjem seg truleg ikkje på skulen igjen før tidlegast på måndag.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– I går vurderte vi å la han gå over fjellet saman med bestefaren, seier Kristine Kulstad om sonen Jonas Kulstad (11) sin tur heim frå skulen.

Denne veka vart skulevegen til Jonas, fylkesveg 72 stengt. Årsaka var at entreprenørar fann fleire lause steinblokker i fjellsida over vegen då dei dreiv med sikringsarbeid.

Guten var heldig og fekk skyss av ein brøytebil som fekk sleppe gjennom sperringane, og slapp å gå over fjellet på ein sti som tar ein dryg time på bert føre.

Kulstad får tidlegast kome seg på skulen igjen på måndag då ein geolog skal ta ei ny vurdering på om det er trygt å opne vegen.

– Det er litt kjedeleg, seier han.

Her vert eit kontrollert skred løyst ut langs skulevegen til Jonas.

Trøndelag fylkeskommune

24 mils omveg med bil

NRK køyrde i dag snøskuter i fire kilometer for å besøkje familien Kulstad i grenda Sul aust i Verdal mot Sverige.

Broren til Jonas på ni år overnattar med besteforeldre nærmare sentrum i kommunen fram til det er trygt å køyre bil langs fylkesvegen heim til grenda Sul i Trøndelag igjen.

Det er ikkje forsvarleg med tanke på liva og helsa til folk å la personar ferdast der no, fortel ordførar i Verdal Pål Sverre Fikse (Sp).

– Fylkeskommunen tør ikkje opne vegen enno fordi det er så mykje lause massar oppi der, seier han.

No må dei rundt 50 personane i Sul køyre 24 mil omveg via Sverige om dei skal reise med bil til og frå grenda. Det tek fire–fem timar.

Stengt veg til Sul

STENGT: Fylkesveg 72 i Trøndelag er stengt på grunn av rasfare.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Her ligg grenda Sul i Verdal kommune.

Må helle ut mjølk

Ordførar i Verdal Pål Sverre Fikse fortel at dei tre mjølkebøndene som held til i Sul no har det vanskeleg.

– No er gardane som har mjølkeproduksjon byrje å slå ut mjølk, seier han.

Årsaka er at mjølkebilen ikkje kjem seg til bygda.

I tillegg har det vore utfordringar med å få inn dyrefôr til bøndene i grenda, fortel svinebonde John Henrik Stormo.

– Det er heilt tragisk at vegen er stengd, seier han og fortset:

– Vi fekk gjennom to bilar i går. Ein med gris og ein med kraftfôr. Så eg har nok til ein gong ut i neste veke, kanskje til torsdag, seier han.

Ordføraren håpar vegen vert trygg så raskt som råd.

– Eg er bekymra for at folk og dyr skal hamne i akuttsituasjonar medan vegen er stengt, men eg trur det skal gå bra denne gongen her og, seier Fikse.

Siste fra Trøndelag

Ukas første Midtnytt med Alf Skille

Ukas første Midtnytt med Alf Skille