Tilsynet med kommunen blei opna i februar.
NRK har sett brevet Statsforvaltaren sende til kommunen da dei opna tilsynet.
Det viser at Statsforvaltaren skal føre tilsyn med om elevar i kommunen raskt nok blir tilvist til pedagogisk psykologiske teneste (PPT) og får den individuelle tilrettelegginga dei har rett på.
– Målet med tilsynet er å sikre at elevane får riktig hjelp til riktig tid, seier juridisk seniorrådgivar i Statsforvaltaren i Trøndelag, Lisa Tessem.
Statsforvaltaren skal undersøke om elevane i Trondheim raskt nok blir tilvist til pedagogisk psykologisk teneste.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Skal undersøke sakshandsamingstida
– Bakgrunnen for tilsynet er ei heilskapleg risikovurdering og opplysningar vi har mottatt, seier Tessem.
Tilsynet er eit såkalla planlagd tilsyn, fortel Tessem.
– Men kommunen er vald ut som tilsynsobjekt på bakgrunn av ein heilskapleg risikovurdering som indikerer at det er risiko for at det aktuelle regelverket ikkje blir oppfylt.
I tillegg til å påvise eventuelle lovbrot ønsker Statsforvaltaren også å finne grunnen til dei.
– Vi er også nysgjerrige på kva som er bakgrunnen for lang sakshandsamingstid.
Tessem fortel at dei har hatt eit første møte med kommunen og at dei har mottatt ein første oversending av dokumentasjon.
– Vi har eit godt samarbeid med kommunen. Dei er nok ikkje overraska over at tilsynet kom.
Byråd for oppvekst i Trondheim kommune, Lucie Katrine Eidem, seier tilsynet er ei anledning til å forbetre kommunen sin praksis.
Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK– Ønsker slike tilsyn velkommen
Byråd for oppvekst i Trondheim kommune, Lucie Katrine Eidem (V), fortel at Statsforvaltaren vel ut ei rekke kommunar for planlagde tilsyn.
Ho seier ho er klar over at Statsforvaltaren fører tilsyn på bakgrunn av risikovurderingar.
– Kommunen sin størrelse er eit moment i vurderinga, samstundes som Statsforvaltaren også har oversikt over både klagar og førespurnadar om tenestene kommunen leverer.
– Vi ser fram til dialogen rundt dette, og håper vi kan nytte moglegheita til å forbetre tenestene til innbyggjarane dersom det er behov for det.
Om kommunen gjer nok for å sikre at elevane får den oppfølginga frå PPT dei har krav på, seier ho tilsynet vil gi svar om.
– Kommunen har gjennomført ulike tiltak dei siste åra for å sikre at PPT sin kompetanse kjem tettare på barna på eit tidlegare tidspunkt, slik at fleire kan få tilrettelegging utan behov for et spesialpedagogisk vedtak.