Hopp til innhold

– Det ligg skam over det at eg er russar

Den 24. februar 2022 endra det å vere russisk utanfor Russland, og i Noreg, seg drastisk. Stoltheit blei byta ut med skam.

Barn har teikna krigen

KRIG: Dotter til Oxana Eide måla dette bilete etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina. Sjølv om dei er russisk støttar dei ikkje krigen.

Foto: Privat

– Det er ikkje ein ideell ting å vere akkurat no, det å vere russisk.

Det seier Serafima Andreeva. Ho er 25 år og flytta til Noreg frå Russland for 19 år sidan.

Spørsmålet kvar kjem du frå?, vart brått vanskelegare å svare på etter 24. februar 2022.

Det har også russiske Oxana Eide fått kjenne på.

– Før var eg veldig stolt av Russland og å vere russar, men akkurat no føler eg meir skuld- og skamfølelse rundt det. Når folk spør seier eg at eg er russar, men det ligg skam over det. At eg er russar. Og det kjenner eg på kvar dag, seier Eide.

Oxana Eide

Oxana Eide flytta til Noreg frå Russland i 2005 og føler ho ikkje lengre kjenner landet ho pleidde å vere stolt av å kome frå.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Dette er ikkje dei to aleine om å kjenne på. Kort tid etter Russland invaderte Ukraina, blei det blant anna meldt om at russiske barn blei hetsa på skulen.

I tillegg til Andreeva og Eide, fortel Ekaterina Martynova og Daria, om sine opplevingar rundt det å vere russisk utanfor Russland.

Mistar tilhøyrsle og identitet

Dei fire kvinnene flytta frå Russland på forskjellige tidspunkt og er i forskjellege fasar i livet.

Men ein ting har dei til felles, og det er at dei mistar tilhøyrsle til landet dei kjem frå.

– Eg innser at landet eg er frå er eit land eg ikkje kjenner lengre, forklarar Andreeva.

Serafima Andreeva

– Å sjå eit land du trur du kjenner bli til noko heilt anna. Då føler du at du mistar litt av identiteten din, forklarar Serafima Andreeva.

Foto: Privat

Dei støttar ikkje krigføringa, og det er vanskeleg at det som før var kjent og kjært har blitt nådelaust og brutalt.

– Det kan sjølvsagt ikkje samanliknast med ukrainarar sine kjensler og deira liv. Men den identitetskrisa me går gjennom når me plutseleg ikkje aksepterer landet vårt lengre, er også passe traumatisk, seier Eide.

Les også Nato-sjefen om Putins tale: – Tydelig at han forbereder seg på mer krig

Putin taler 21. februar

Støtte, skam og skuld

På kvar sine måtar kjenner dei på skam, fordommar og skuldfølelse rundt det som skjer. Men dei møter også, i all hovudsak, støtte og forståing for situasjonen dei er i.

– Når eg seier at eg er frå Russland får eg eit veldig raskt oppfølgingsspørsmål om korleis det går med meg eller støttande ord, seier Andreeva.

Likevel kjem ein følelse av skam snikande i enkelte situasjonar, utan at ho veit kvifor det er slik.

– Dei einaste gongane eg kjenner på den typen skam er dersom eg skal inn på utestader. Eg har russisk pass og då blir eg alltid litt flau over å vise det, fortel 25-åringen.

Daria opplever at enkelte tek avstand frå ho som russar og unngår temaet.

– Av og til på Tinder når eg chattar med menn og blir spurd om nasjonalitet. Når eg svarar Russland, då avsluttar dei samtalen.

Daria

Daria er 31 år og flytta til Noreg i 2016 for å studere. Ho ynskjer å vere anonym for si eiga sikkerheit og sikkerheita til familien og venene sine som framleis bur i Russland.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Dette er det fleire av dei som opplever. At folk dei møter er forsiktige og ikkje vil forhalde seg til russarar.

– Visst dei kunne velje trur eg dei helst ikkje ville visst at eg er russar. For å ikkje måtte forhalde seg til det, forklarar Eide.

– Me har ei stemme, både for oss sjølve og for dei i Russland

På kvar sine måtar tek kjenner dei på eit ansvar for å stå i mot krigen og støtte det ukrainske folket. Men det er ikkje berre enkelt.

Ekaterina Martynova er russisk journalist og redaktør for den uavhengige, studentstyrte avisa Doxa Magazine. Sjølv som uavhengig journalist frå eksil i Berlin som skriv om krigen i Ukraina er det vanskeleg å føle at ho gjer nok.

Ekaterina Martynova i DOXA Magazine

DOXA Magazine blei tildelt Studentane sin fredspris under den Internasjonale Studentfestivalen i Trondheim. Fredsprisen har blitt delt ut annakvart år sidan 1999 til studentar eller studentorganisasjonar som bidreg til demokrati, fred og menneskerettar.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– For når folk døyr kvar dag, mistar heimane sine, foreldra sine og sine kjære, er det vanskeleg å seie at eg gjer nok. Eg vil ikkje halde på ansvaret for alt det som skjer, men på eitt vis er eg ansvarleg for krigen, fordi eg er russisk statsborgar.

For å arbeide seg gjennom sorga og sjokket over at det ho kjende som sitt trygge heimland gjekk til krig mot eit naboland valde Eide å skrive om det i sosiale medium.

– Det var min måte å fortelje verda at eg er veldig mot det. Eg hadde veldig lyst å rope om det og vise at det ikkje er alle russarar som står bak dette, legg ho til.

Oxana Eide sitt innlegg på facebook etter at barnet hennar spurde "mamma, korleis kan ein slå av krigen?"

Oxana Eide har brukt sosiale medium til å arbeide seg gjennom det som har skjedd og for å gje ei stemme til dei som framleis er i Russland og ikkje har mogelegheit til å ytre seg.

Oxana Eide deler Amnesty sitt innlegg om at russiske barn opplever hets på norske skular

Etter dette innlegget fekk Oxana Eide fleire meldingar frå folk ho ikkje kenner. – Eg fekk nærmast tilbakemelding om at det er best at alle russarar berre forsvinn frå jordkloden, fortel ho.

Oxana Eide sitt innlegg på facebook, dag 4 av krigen

Oxana Eide føler ho blir kasta ut av si eiga historie, føler seg rotlaus og makteslaus. Ho håpar folk forstår at ikkje ale russarar er like og at det ikkje er alle som står bak krigen i Ukraina.

Og uansett om dei vel å stille anonymt, skriv for ei avis, forskar eller ytrar seg på sosiale medium er dei samde om ein ting:

At dei må bruke si stemme for å gje beskjed om det som ikkje er greitt og stå i mot krigen.

– Så eg føler at me har ei stemme, både for oss sjølve og for dei i Russland.