NRK Meny
Normal

Uavgjort på Lerkendal

Brann scora begge måla på Lerkendal stadion søndag kveld, men resultatet blei 1-1 mellom erkerivalane.

Første omgang var svært sjansefattig.

Brann hadde eit par sjansar, men heimelaget kom ikkje til ein einaste sjanse. Til pause stod det 0-0 mellom erkerivalane Rosenborg og Brann.

Sjølvmål av Dahl

Etter vel femti minutt pressa RBKs Trond Olsen Bjørn Dahl til å sette ballen i eige mål. Håkon Opdal var borti ballen med fingertuppane, men greidde ikkje å hindre at ballen gjekk inn i det lengste hjørnet bak han.

Det stod 1-0 til Rosenborg.

Rosenborg dominerer mykje av andre omgang, men etter vel åttifem minutt ragar Kristjan Ørn Sigurdsson høgast inne i sekstenmeteren til RBK og det står plutseleg 1-1.

Tettey nær mål

Kampen på Lerkendal var intens, jamn og sjansefattig.

Over tre minutt på overtid fekk Rosenborg sin einaste verkeleg store sjanse i kampen. Alexander Tettey fekk sjansen på eit upressa skot, men denne gongen vartet Opdal opp med ein strålende redning og berga uavgjort for Brann.

Kampfakta:

Mål: 1-0 Bjørn Dahl (selvmål, 52), 1-1 Kristjan Örn Sigurdsson (83).
Dommer: Brage Sandmoen, Kjelsås.
Gult kort: Alexander Tettey, Rosenborg, Bjørn Dahl, Rodolph Austin, Brann.

Rosenborg (4-5-1): Aleksander Lund Hansen – Mikael Lustig, Vadim Demidov, Alejandro Lago, Mikael Dorsin (Andreas Nordvik fra 17.) – Per Ciljan Skjelbred, Marek Sapara (Rada Prica fra 64.), Alexander Tettey, Anthony Annan, Trond Olsen (Roar Strand fra 82.) – Steffen Iversen.

Brann (4-4-2): Håkon Opdal – Bjørn Dahl, Olafur Örn Bjarnason, Kristjan Örn Sigurdsson, Bjørnar Holmvik – Birkir Már Sævarsson, Rodolph Austin, Hassan El Fakiri (Tijan Jaiteh fra 90.), Petter Vaagan Moen (Gylfi Einarsson fra 60.) – Erik Huseklepp, Azar Karadas (Armann Smari Björnsson fra 87).