Vålerenga heldt nullen i nesten ein omgang, men eitt minutt på overtid løysna det for heimelaget.
- Det var riktig deilig. Vi fekk ein bra start, og skulle ha scora eit mål tidlegare, men vi fekk eit mål rett før pause og det gav oss litt ekstra ro, sa rosenborgtrenar Erik Hamren til TV2 rett etter kampen.
Både bomma og scora
Det var Steffen Iversen som starta ballet på Lerkendal stadion søndag kveld. Etter vel 31 minutt får Rosenborg straffespark og Iversen gjer seg klar. Han fyrer avgarde eit dårleg skot og ballen går til side for mål.
Men eitt minutt på overtid i første omgang gjer Iversen det godt igjen for heimefansen. Marek Sapara skyt frå langt hald og VIF-keeper Perkins gjer ein dårleg jobb og gir ein retur som går rett i beina på Steffen Iversen. Han putter lett ballen i mål.
Kjempemål av Olsen
Etter 60 minutt er det nyinnkjøpte Trond Olsen sin tur å imponere publikum. Frå langt hald brenn Olsen til, skotet er knallhardt og lurer Perkins som er sjanselaus. Eit fantastisk mål av Olsen som scorar i debuten sin på Lerkendal.
– Eg fekk ballen frå Marek Sapara og såg at keeper stod på bakre stolpe. Eg bestemte meg for å prøve å kline tilog traff bra. Deilig, sa Olsen til NTB etter kampen.
Rosenborg-trenar Erik Hamrén måtte klype seg i armen då Trond Olsen scora.
– Eg blei like overraska som keeper. Det var veldig uventa, sa svensken etter kampen.
Etter 71 minutt set Alexander Tettey krona på verket med 3-0 målet. Det er Per Ciljan Skjelbred og Mikael Lustig som samarbeider godt på høgresida. Lustig kjem seg ned til linja med ein fin touch og innlegget til Tettey er perfekt. Midtbanekrigaren stuper fram og header inn 3-0 for Rosenborg.
RBK store favorittar
Før sesongen startar har fleire spådd at Rosenborg kjem til å vinne serien i år. Etter søndagens oppvising på Lerkendal er dei truleg ikkje noko mindre favorittar.
Trenar Erik Hamren syns det er altfor tidleg å begynne å spekulere i eit seriegull.
- Ein vinn ikkje ligaen på ein kamp, så det er for tidleg å begynne å snakke om det, seier Hamren.