Hopp til innhold

Gjerningsperson framleis på frifot i Trondheim

Politiet har avhøyrt ei rekke vitne etter knivstikkinga på Møllenberg i Trondheim. Dei har søkt i området, men ingen er så langt arresterte.

Blodspor på dør etter knivstikking på Møllenberg i Trondheim

BLODSPOR: Blodspor på ei dør på Møllenberg i Trondheim etter knivstikking laurdag kveld. Gjerningspersonen er framleis ikkje pågripen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ein person vart knivstukken på Møllenberg i 21-tida laurdag kveld. Kort tid etterpå kom det melding om ei ny knivstikking i Ila, på andre sida av byen.

– Det er så langt ikkje noko som tyder på at dei to hendingane har nokon samanheng, opplyser påtaleansvarleg i Trøndelag politidistrikt, John R. Sødahl Furunes.

Framleis på jakt etter gjerningsperson

Politiet har pågripe og sikta ein 18-åring som står bak knivstikkinga i Ila.

Væpna politi jaktar framleis på ein eller fleire gjerningspersonar etter knivstikkinga på Møllenberg.

– Etterforskinga pågår for fullt, for å avklare om det er ein eller eventuelt fleire gjerningsmenn på Møllenberg, opplyser politiadvokat Anne Haave i Trøndelag politidistrikt søndag morgon.

Personen/personane på frifot skal ikkje vere til fare for andre, ifølge politiadvokaten.

Knivstikking på Møllenberg

PÅ ÅSTADEN: Politiet tek prøver av blodspor på åstaden på Møllenberg i Trondheim søndag ettermiddag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Mannen som vart knivstukken på Møllenberg er i 20-åra. Han er alvorleg, men ikkje livstruande skadd, skreiv politiet i ei pressemelding natt til søndag.

– Vi fekk melding klokka 21.02 om ein skadd mann. Vi fann han i gata, og han vart køyrt til St. Olav, fortalde innsatsleiar Jomar Sjøhagen til NRK laurdag kveld.

Krimteknikarar jobbar på Møllenberg i Trondheim etter knivstikking

KRIMTEKNIKARAR: Krimteknikarar på åstaden på Møllenberg i Trondheim natt til søndag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Sprikande vitneforklaringar

Politiet har utover kvelden og natta avhøyrt ei rekke vitne på Møllenberg, og har søkt i området, men ingen er arresterte.

– Det er gjort ein god del vitneavhøyr med naboar og ein innleiande samtale med den fornærma. Men han er ikkje formelt avhøyrt, opplyser politiadvokat Haave til NRK.

Ho fortel at det er litt sprikande vitneforklaringar i beskrivingane av moglege gjerningspersonar – frå naboar og andre som var i området.

Åstad på Møllenberg etter knivstikking i Trondheim

MØLLENBERG: Laurdag kveld fekk politiet melding om ei knivstikking på Møllenberg i Trondheim. Ein time seinare vart det meldt om knivstikking på Ila. Ingenting tyder på at det er nokon samanheng.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

NRK sin reporter på Møllenberg fortalde at det var minst fem politipatruljar i området. Eit augevitne fortalde til NRK at det låg ein skadd person på bakken.

– Klokka 21.10 stakk eg hovudet ut for å sjå på blålyset som lyste i gata. Der var det ein ambulanse og politi med våpen, fortalde vitnet til NRK laurdag.

Politiadvokat Anne Haave i Trøndelag politidistrikt

POLITIET: Politiadvokat Anne Haave i Trøndelag politidistrikt.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ila: 18-åring pågripen

Personen i tenåra som vart knivstukken i Ila er også alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Han ligg på St. Olavs hospital.

Ein 18-åring vart laurdag kveld pågripen, og søndag morgon sikta for grov kroppsskade etter knivstikkinga.

Benjamin Odden, som bur i Ila, fekk med seg dramatikken:

– Plutseleg var det veldig mykje politi i gata her. Det var også ambulansar og politiet var væpna, seier han til NRK.

– Eg såg at politiet stod og snakka med ein kar som dei kasta inn i bilen etterpå. Men om det var gjerningspersonen, veit eg ikkje.

Benjamin Odden

VITNE: Benjamin Odden bur i Ila, og fekk med seg dramatikken laurdag kveld.

Foto: Morten Andersen / NRK

18-åringen har blitt avhøyrt søndag kveld, og har ifølge forsvarar Arve Røli gitt ei fri forklaring til politiet. Avhøyret vart avslutta tidlegare, fordi sikta var sliten.

Han har førebels ikkje fått spørsmål om han erkjenner straffskuld.

Røli opplyser om at sikta har plassert seg på åstaden fordi han bur der, og forsvararen oppfattar at 18-åringen er ein kjenning av den fornærma.

– Men ut ifrå det han har forklart, forstår eg det slik at han ikkje erkjenner straffskuld, seier Røli.

Når avhøyret vil halde fram, er førebels ikkje klart.