Hopp til innhold

Nye beslag heime hos Arne Bye – bekreftar at dei har funne bevis

Politiet har tatt beslag i fleire gjenstandar i bustaden til den tidlegare kommuneoverlegen – onsdag hentar dei gjenstandar frå ein leilegheit som har tilhøyrt Bye.

Politiet ransaker en leilighet tilhørende Arne Bye

RANSAKAR FLEIRE STADER: Politiet har reist til ei leilegheit Bye disponerer – også her har dei gjort fleire beslag.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– VI har tatt fleire beslag. Og det er både typen beslag som me per no ikkje veit kva inneheld og beslag som er bevis i saka.

Det seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK. Han vil ikkje seier kva gjenstandar det er snakk om.

Tysdag begynte politiet å ransake heimen til Bye for fjerde gong.

Onsdag er politietterforskarar tilbake for å fortsetje arbeidet.

– Vi fortset ransakinga til vi er ferdige, seier Aftret.

NRK sin fotograf på staden tel over 15 politietterforskarar heime hos Bye onsdag formiddag.

Dei har mellom anna leitt utandørs rundt bustaden. Der har dei undersøkt garasjen, under terrassen, i takrenner og under steinheller.

I 13-tida kom ein politietterforskar med fleire spadar til eigedommen og ein time seinare begynte politiet å bere ut fleire papirposar med ting.

Onsdag ettermiddag tok politiet seg inn i ei leilegheit som tidlegare har tilhøyrt Bye. Også her gjorde dei fleire beslag, mellom anna ei stasjonær datamaskin.

  • Beslag fra hjemmet til Arne Bye i en rød bil

    Politiet har bore ut fleire papirposar og pappesker med ting frå heimen til Arne Bye onsdag.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Frosta-saken: Politi med spader og grafse ankommer hjemmet til Bye

    Politiet tok med seg fleire spadar til heimen til Arne Bye under ransakinga onsdag. Også det som såg ut som ein metalldetektor blei bore inn i huset.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Les også Politiet har gjort fleire beslag heime hos Arne Bye – skal leite vidare i morgon

En mann kommer ut en dør med en kasse full av ting

Leiter etter bevis

Aftret seier til NRK at dei ransakar bustaden etter alt som kan vere bevis i saka.

Det kan vere konkrete gjenstandar eller såkalla «databerarar», sidan elektroniske spor har vore viktige bevis så langt.

Om det vil vere aktuelt å leite andre stadar enn heime hos Bye er ikkje sikkert ennå, seier politiadvokaten.

Politiet vil vurdere behovet for ytterlegare ransakingar fortløpande. Per no er det bustaden hans som er av interesse sidan det er der han har hatt fast tilhald og fordi det er gjort funn der tidlegare.

Politietterforskere sjekker utenfor huset til Arne Bye

Onsdag leitte politiet mellom anna under terrassen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Aftret seier det ikkje er umogleg at det blir behov for å sjekke i golv eller vegger i huset.

Politiet gjennomfører undersøkinga som er naudsynt for å «nullstille» huset. Så får vi sjå kva behov dei har for å vere meir invasiv.

Bye sjølv sit varetektsfengsla.

Vi søker etter bevis der vi meiner vi skal leite, og ikkje der sikta meiner vi skal leite.

Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, fortel at Bye er gjort kjend med ransakinga. Forsvararen har ikkje ønskt å gi ein kommentar utover dette.

Politietterforskere sjekker utenfor huset til Arne Bye
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Gjorde beslag tysdag

Politiadvokat Ole Andreas Aftret fortalde tysdag at politiet tok beslag i gjenstandar heime hos Bye.

– Vi har tatt beslag i gjenstandar som er anteke å ha betydning som bevis i saka, stadfesta Aftret til NRK tysdag ettermiddag.

Politiet tok med seg fleire gjenstandar frå huset til Bye, mellom anna ein dataskjerm og berbare datamaskiner.

en gruppe mennesker som går nedover et fortau

Eit titals politietterforskarar ransakar heimen til Bye onsdag.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Han fortalde at politiet no ønsker å gjere ein grundig gjennomgang av huset til den tidlegare legen.

– Vi ønsker å «nullstille huset». Altså å vere sikker på at det ikkje er noko vi går glipp av, sa Aftret.

Over ti etterforskarar frå politiet arbeida tysdag inne i huset, i garasjen og i tilhøyrande buar.

Brannvesenet var til stades og leitte i pipa.

Brannmenn kikker ned pipa i huset til Arne Bye i forbindelse med ransaking

Brannvesenet gjorde søk i pipa tysdag.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Fann databerarar i februar

Også 28. februar ransaka politiet bustaden til Bye.

Da blei det gjort funn av digitale einingar.

– Vi fann eit tosifra antal databerarar, fortalde Aftret tysdag.

– Det funnet vi gjorde da, gjorde at vi fekk ein tydeleg indikasjon på at det er databerarar i huset.

Politiet har enno ikkje gått gjennom alt materialet som blei funnen.

– Sikta har påberopt seg at det skal vere advokatkorrespondanse på alle dei beslaglagde databerarane, fortalde Aftret.

Det medfører at materialet må bli sendt til ein tredjepart som sorterer ut korrespondansen før ein politietterforskar kan gå gjennom materialet.

en ramme med et bilde av et tre på

Tysdag dekte politiet til vindauga da dei ransaka heimen.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Etterforskar nye saker

Minst 21 kvinner som ikkje var ein del av rettssaka mot Bye, har meldt han til politiet.

Det politiet har tatt i beslag frå ransakingane kan både opplyse dei nye sakene, men også sakene som allereie har gått for retten.

– Det er eit sakskompleks med mange saker, dels under aktiv etterforsking, nokre er lagt bort og nokre har gått for retten, seier Aftret.

Politiadvokaten seier det ikkje er eit klart skilje mellom dei nye sakene som er under etterforsking og dei som allereie har gått for retten eller blitt lagt bort.

– Politiet si etterforsking omhandlar Bye si legeverksemd og særleg korleis han opptredde mot sine kvinnelege pasientar.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret utenfor sentrum politistasjon i Trondheim.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret er påtaleansvarleg i saka.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Sit i varetekt

Bye sjølv sit varetektsfengsla.

Han blei pågripen like etter at saka mot han blei ferdig i Trøndelag tingrett.

Les også Arne Bye varetektsfengsles i åtte uker

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Bye har erkjent å ha valdtatt 21 av sine tidlegare pasientar. Han har også erkjent å ha misbruk stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 44 av dei.

Det er venta at dom i saka kjem i starten av juni.