Nekta å møte dyrevernarar

Lars Peder Brekk nekta å møte dyrevernarar etter hastemøte med oppdrettarar.

Lars Peder Brekk (Sp)

Dyrebeskyttelsen Norge er skuffa over over at landbruksministeren ikkje slapp til dyrevernarar etter dagens hastemøte med pelsdyroppdrettarane.

Foto: Thomassen, Christian, Christian Thomassen / SCANPIX

- Tilsvarande bilde vart avdekka i fjor. Også den gongen utan at Brekk tok grep, seier informasjonsansvarlig i Dyrebeskyttelsen Norge, Odd Harald Eidsmo.

Nekta å møte dyrevernarar

Lars Peder Brekk (Sp) kalla i går inn pelsdyrnæringa til eit hastemøte etter avsløringar om dårlige tilhøve hjå pelsdyroppdrettarar. Etter dagens møte nekta Brekk å møte dyrevernorganisasjonane, skriv Dyrebeskyttelsen Norge i ei pressemelding.

Les også: Truar med å trekke støtta

- Vi reagerer sterkt på at landbruksministeren ikkje tillet representantar for dyrevernorganisasjonar på dagens pressekonferanse, seier Eidsmo.

Sidan søndag har debatten rundt pelsdyrfarmar og dyrevern rasa etter at Søndagsrevyen viste ein innslag om dårlige tilhøve ved eit pelsdyrfarm. I går sa bystyrerepresentant i og Høgrepolitikar i Trondheim Yngve Brox at distrikta treng pelsdyrnæringa .

Les også: Sp-strid om pelsdyr

- Oppspinn

- Dette er tankespinn frå Høgre. Forgubbing, nedlegging og subsidiar gir næringa minimal, distriktsmessig betyding, seier Eidsmo.

Mattilsynet i Trøndelag og Møre og Romsdal har 15 sakar som omhandlar pelsdyrfarmar på om lag 120 pelsdyrfarmar i regionen.

I ei pressemelding skriv regiondirektør i Mattilsynet Bjørn Røthe Knudtsen at bildet av pelsdyrfarmane som blir teikna i media ikkje stemmer overeins med bildet dei har etter sine stikkprøver. Røthe Knudtsen trur dette dreier seg om enkelttilfeller, og at bilda ikkje representerar næringa generelt.

- Ingen kontroll

- Det er bevist fullt ut at pelsdyrnæringa er ein bransje ute av kontroll. Myndigheitene sitt tilsynsorgan sviktar sitt ansvar, seier Eidsmo.

Men Knudtsen meiner det er umogleg for Mattilsynet å avdekke dårlige tilhøve til ei kvar tid. Han påpeiker at det til slutt alltid er opp til eigarane av dyra at tilhøva er gode nok, og at systemet byggjer på eit tillitsforhold mellom drivarar, næring og myndigheiter.