Hopp til innhold

Fekk livmora fjerna – meiner ho er offer for ein sjukehustabbe

Ho fekk påvist livmorhalskreft utan spreiing. Likevel valde sjukehuset å fjerne livmora. No har statsforvaltaren oppretta tilsynssak mot sjukehuset.

Kvinnen på St. Olavs hospital.

UTAN LIVMOR: Kvinna fikk livmora fjerna, sjølv om ingen av undersøkingane ved St. Olav viste restar av kreftceller i kroppen hennar.

Foto: Privat

– Hei, du har kreft. Kan du komme hit for å ta ein CT?

Det var beskjeden ho fekk på telefonen. Ho hugsar ikkje kven som ringde.

Slik startar det som skal bli eit mareritt for tobarnsmora frå Molde.

Behandlinga ho får endar med at livmora blir fjerna under ein operasjon ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Kvinna meiner ho er offer for ein sjukehustabbe, og har sendt klage til Statsforvaltaren i Trøndelag.

36-åringen ønskjer å vere anonym.

Ifølgje dokument NRK har fått innsyn i er det oppretta tilsynssak mot sjukehuset. St. Olav ønskjer ikkje å stille til intervju.

Kvinnen på St. Olav.

Det blei påvist celleforandringar i livmorhalsen, og kort etter opererte dei ut ein del av livmorhalsen.

Foto: Privat

Fekk påvist celleforandringar

I oktober i fjor fekk ho påvist alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, og ein del av livmorhalsen vart operert ut ved Molde sjukehus.

I februar ringde dei og fortalde henne over telefonen at det var funne kreftceller i delen dei tok ut.

Kort tid seinare vart kvinna operert ved St. Olav.

Molde sykehus

36-åringen meiner ho mest sannsynleg var kreftfri allereie etter inngrepet ved Molde sjukehus før jul.

Foto: Roar Strøm

Manglar eit organ

Livmora vart fjerna, sjølv om ingen av undersøkingane viste restar av kreftceller i kroppen hennar.

– Eg manglar eit organ. Å ha mista det organet endrar heile framtida mi og til familien vår. Livet vårt vil aldri bli det same. Spesielt ikkje etter å ha funne ut at det potensielt er eit feilgrep.

I klaga til statsforvaltaren skriv kvinna at ho etter inngrepet har mista moglegheita til å få fleire barn, noko ho tek svært tungt.

Det vart ikkje funne restar av kreft verken under Pet-skanning, CT-skanning, MR eller ved gynekologisk undersøking i narkose på St. Olav.

Likevel vart ho vist til operasjon og livmora fjerna.

Etter operasjonen fekk ho ein alvorleg infeksjon i buken, og nokre veker seinare vart ho operert for brokk.

St. Olavs hospital i Trondheim, føden.

Sjølv om det ikkje vart funne nokon kreftsvulst i kroppen til kvinna, valde lækjer ved St. Olavs hospital å fjerne livmora og eggleiarane til 36-åringen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tilsynssak mot St. Olav

Våren vart tung, men tanken på at livmora kan vere fjerna ved ein feil er verre.

– Det er viktig for meg å vite om det dei gjorde var rett.

Prøvesvara frå Molde viste kreftceller, men etterpå fann dei ingen restar av kreft inne i henne.

Statsforvaltaren har bede sjukehuset om å forklare kva som vart gjort.

Der kjem det fram at det ikkje vart funne spreiing, men at dei likevel meinte det var rett å fjerne livmora, eggleiarane og lymfeknutar i bekkenet.

I forklaringa frå seksjonsoverlegen står det mellom anna:

«Behandlinga som vart gitt er i tråd med tilrådingane i Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for livmorhalskreft, og avgjerda om å tilrå radikal hysterektomi vart gjort etter grundig preoperativ kartlegging.»

St. Olav: Ikkje naturleg å uttale seg

Overlegen skriv også at det ikkje var teknisk mogleg å gjere fertilitetsbevarande kirurgi.

«At det ikkje vart påvist resttumor i operasjonspreparatet indikerer ikkje at behandlinga var unødvendig, men resultatet er prognostisk gunstig.»

I svaret frå sjukehuset står det også at tilrådinga om å fjerne livmora vart diskutert med pasienten.

«Ho fekk tilbod om ein ekstra samtale før operasjonen som ho valde å ikkje nytte seg av.»

NRK har vore i kontakt med St. Olavs hospital. Dei ønskjer ikkje å stille til intervju, men kommunikasjonssjef Marit Kvikne sender følgjande kommentar på e-post:

Vi er kjende med denne klaga, og det er aldri godt å høyre om pasientar som ikkje er fornøgde med behandlinga. No blir saka gått gjennom hos Statsforvaltaren, og det er ikkje naturleg for oss å uttale oss før det ligg føre ein konklusjon.

Les også Live gikk fra å være kvinne til mann. Og tilbake igjen.

Live står utendørs ved et tre og tar på en gren med grønne blader. Hun har sol i halve ansiktet

Tvilte på at dei gjorde rett

– Eg føler at dei i svaret legg skulda på meg. Dei legg ansvaret på meg for at eg ikkje kom i den samtalen, seier kvinna.

Ho ville ikkje reise utan sambuaren, og det er heller ikkje berre å dra frå ungane i Molde.

Før sjølve operasjonen vart det likevel tid til mange samtalar, for ho tvilte på om det dei gjorde var rett.

– Eg spurde kvar dag. Er det rett det de driv med. Ingen ting av dette skriv dei om i svaret til Statsforvaltaren. Dei fortel ikkje om mine tankar, og at eg slit.

Åtte veker etter operasjonen kom svaret frå patologen.

– Eg får ein telefon frå St. Olav. Eg hugsar ikkje kven som ringde, men vedkommande fortel meg at eg er kreftfri og at eg mest sannsynleg var kreftfri allereie etter inngrepet i Molde før jul.

Stor belastning for familien

Kvinna reagerer også på at den alvorlege beskjeden om at det var funne kreft i delen som vart operert ut, vart gitt over telefon. Særleg sidan det skjedde etter at ho ikkje hadde høyrt noko på tre månader.

– Dette er det verste nokon kan gjere mot folk, og eg synest det var ein uprofesjonell måte å gjere det på, seier kvinna.

Saka har vore ei stor belastning for henne og familien, og tanken om at livmora kan vere fjerna ved ein feil i helsevesenet er tung å leve med.

Tilsynssaka er framleis under behandling hos statsforvaltaren.

Ei avgjerd er venta om få veker.

Les også Familien mener Alf Ingar tørstet i hjel: – Hvor mange feil kan ordføreren akseptere?

Alf Ingar Selven (67)